21. mars 2008

Mitt første intervju

er overstått.
Det var den vesle lokalavisa Øy-Blikk, som kjem ut i heimkommuna mi Giske, som inviterte, og eg stilte sjølvsagt opp.

På førehand hadde eg spurt ei erfaren forfattarvenninne om kva eg kunne vente meg av eit slikt intervju, og kva eg burde seie og ikkje seie. Ho gjennomgjekk dei mest vanlege spørsmåla, og kom med råd i forhold til kva eg måtte tenke gjennom på førehand. Det viktigaste rådet ho kunne gi, var at eg først og fremst måtte bestemme meg for kva eg ikkje ville seie, heller enn kva eg absolutt måtte få med. Og det gjorde eg.
Det viktigaste eg ville vakte meg for, var å røpe for mykje av handlinga i Ingen må vite. Det viste seg dermed å vere ein smule vanskeleg å forklare kva boka handla om, noko eg må trene litt meir på i påvente av fleire potensielle intervju.

Elles var det ein riktig triveleg seanse, den kvinnelege journalisten var hyggeleg å snakke med og tok mange bilete av meg i yndlingsfjøra mi her på Giske, med gamle, marketne naustveggar som bakgrunn. Vi får håpe resultatet blir bra. Så vidt eg veit kjem intervjuet på trykk førstkomande torsdag.

4 kommentarer:

Avil sa...

Du kan be om sitatsjekk, du kan be om å få tilsendt spørsmål på forhånd, og aviser kan vere glade for at du svarar skriftleg (på epost).
Men du er jo ei søt og smart jente som skal promotere ei bra bok, så faren er vel ikkje stor for at det blir noko tull av slikt.

Godt jobba!

Aina Basso sa...

Takk for det :)
Satsar på det går greitt...!

Anonym sa...

Moro!

Legg ut linken her da så vi får lese når det er klart.

Aina Basso sa...

Viss det kjem på nettet, skal eg sjølvsagt gjere det... :)