25. mars 2008

Svartestille

Dagens ord er svartestille.

Når sjøen ligg heilt flat og blenkjande, gjerne i sola, seier vi på Giske at det er svartestille.
På nynorsk heiter det blikstille, på bokmål kjenner vi uttrykket som det noko meir konsonantrike blikkstille.

Eit fint ord, og ikkje minst ein svært vakker og lindrande tilstand.

6 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Nydelig. Ordet er jo nesten et dikt i seg selv. Og minner en om hvor utrolig rikt norsk er, i motsetning til hva mange tror.

Aina Basso sa...

Eg er einig!

Vi har eit rikt språk, men fordi vi bruker ein så liten prosentdel av orda, mistar vi tydinga av dei sjeldne perlene.

Avil sa...

Me drar ofte over fjorden i liten båt, og har mange ord for blikstille sjø.
Svartastille er nærast litt foruroligande.
Damstille er slik det er om morgonen, litt dis og heilt, heilt spegelblank sjø.
Eller seier me gjerne at det er heilt plant (lang a).

Aina Basso sa...

Takk, Avil.
Fine ord å vite om!

Anonym sa...

Morgon ved fjorden

Rutebåten bryt
svartstill sjø,
velter platejarn
mot grønt land.

Olav H. Hauge (Dropar i austavind,1966)

(formidla av Jarle, som synest det er eit vakkert og litt kryptisk dikt)

Aina Basso sa...

Tusen takk for det, Jarle.
Eit verkeleg fint og passande dikt :) Kom gjerne med fleire om du får anden over deg!