6. mars 2008

(Gamlelæraren)

kom grytidleg om morgonen, slik:
på dårleg brøytte vintervegar
med sykkel og sykkelklemme
og tente opp
i den svarte kakkelomnen

så kunne han pakke opp dagen
og legge den klar
til vi kom

plansjane, karta, den samanrulla
kunnskapen
Bibelens Land og blodårene
ferdslevegar, det var same
geografien ute og inne

det var dette han stelte med:
forvaltinga av krystallklare
reknestykke, brå innsikt
som fortalde at verden er
systematisk og mogeleg å forstå

forvaltinga av pubertet og snøballvåte
vottar, uklare draumar
om ein nøkkel som kunne opne
for alle samanhengar.

han tala alltid lågt
også når han freista greie ut
det ugreie:
slagsmåla, skitorda
hatet som brått var der
utan at vi forstod kvifor

helvete høyrde vi lite om
han fekk ikkje dreis på dei skildringane
det vart abstrakt og ikkje særleg glødande
men Bergpreika likte han

slik ville han hjelpe oss
å bygge opp verden:
skikkeleg kvardag
og ein og annan gang ekspedisjonar
inn til gåtenes utkantar

Paal-Helge Haugen: Steingjerde - ei bok frå dei indre bygdene frå barndom på femti-talet (1979)

Ingen kommentarer: