5. mars 2008

Blå

Gårs-dagens arrange-ment på Blå var riktig så vellykka.

Ragnar Hovland snakka og las og fekk heile det unge publikumet til å le både godt og hjarteleg og ofte. No har eg meir enn nokon gong ein trong til å lese meir Hovland.
Sveve over vatna vart trekt fram, og 1964 - begge desse bøkene skal lesast så snart eg får tid til slikt.

Det vart høve til ein liten prat med hovudpersonen, også. Riktig så hyggeleg og førekomande, var han, og hugsa meg endåtil, frå manusseminaret på Samlaget i -97. Det var nok fordi eg var så latterleg ung. Alle hugsar latterleg unge folk.

Joakim Kjørsvik fekk oss også til å le, med nokre riktig absurde smakebitar frå debutboka Åpenbart ingen nabo, som kom på Damm i haust.

Og etterpå snakka eg litt med redaktøren min, både om manuset eg forhåpentlegvis snart er ferdig med, og vegen vidare. Eg har lyst til å fortsette å skrive historiske tekstar, og tenker at det neste prosjektet skal vere retta mot vaksne.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hah! Da var det altså deg. Jeg så to pene jenter i et hjørne, og tenkte: kan det være…? Din kjendisstatus har altså begynt ;-)

Men egentlig var jeg ikke så begeistret for arrangementet. Gikk ikke samtalen litt på tomgang? Var ikke intervjueren OG deltakerne litt for nervøse? Var det ikke veldig kaldt i lokalet? Men kanskje var det bare fordi jeg ikke fullt ut skjønte den underfundige vestlandshumoren.

Aina Basso sa...

Jau, dei var kanskje litt nervøse. Men eg syntest det var bra, likevel. Likte det Hovland sa, og likte å vere der. Og eg liker jo humoren til Hovland veldig godt. Veit ikkje om det er noko spesielt vestlandsk, men det treff iallfall meg. Bruken av understatement, det småabsurde, måten han kremtar og tek pausar på. Han er berre naturleg morosam, synest eg.

Så gøy at du kjende meg att! Men urettferdig at eg ikkje kjende igjen deg! Du får kome og seie hei neste gong. Eg er veldig nysgjerrig på kven du er for ei!

Anonym sa...

Hovland er på en måte morsom, men samtidig bare litt. Jeg fikk ikke helt tak på humoren, den kjentes eksotisk, derfor tenkte jeg kanskje det var noe vestlandsk (utrolig mange vestlendinger i salen). Folk lo, men jeg bare smilte forsiktig. En på Underskog skrev idag: «eg elskar denne snodige dialogen», det passer godt synes jeg, snodig, litt nerdete, sjarmerende, men jeg lo aldri skikkelig, det kjentes litt utstudert, ikke spontant.

Ellers vurderte jeg faktisk å si hei, men dere virket så opptatt. Kanskje neste gang :)

Aina Basso sa...

Du får gi deg til kjenne neste gong!

Vi lo iallfall overgivent, og venninna mi er ikkje vestlending. Men eg er jo det. Og det kan sjølvsagt vere noko der.

Anonym sa...

Haha, eg har snakka stakkars Hovland i senk i fylla ein gong. Det var grusomt pinleg etterpå, då.

Aina Basso sa...

Haha. Bra for deg :)