Eg skal lytte, lære, observere, bli inspirert.
I kveld skal eg på Litteratur på Blå for å høyre og sjå Ragnar Hovland snakke med Marianne Tangen Bråthen om utvalde godbitar frå forfattarskapen sin.
"Joakim Kjørsvik kjem også," skriv samlaget.no. "Han debuterte i haust med Åpenbart ingen nabo." Kjørsvik er forøvrig frå byen eg vaks opp ved, og på min alder.
Mandag som kjem er det lansering av Paal-Helge Haugens nye bok på Litteraturhuset.
"Det er ei storhending når Paal-Helge Haugen er tilbake med nye dikt," skriv Litteraturhuset. "Kvartett 2008 inneheld fire bøker; Gs bok, Dantes oske, Passasje og Visum."
Eg les for tida Steingjerde frå fødselsåret mitt. Gir gjenklang i bygdelengselen.
Haugen skal også ha med seg to av fjorårets debutantar, Tyra Theodora Tronstad og Kristin Berget. Og eg har tenkt å lese Tronstads gravferdsdikt Mandag morgen står de døde i kø før arrangementet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar