13. februar 2008

Smakebit II

Tidleg om morgonen går ho ut.
Mor er ikkje heimkomen enno. Peder søv stilt i andre senga. Gabriel er ikkje der.

Ho har ikkje sove. Det gjorde ekstra vondt denne gongen. Ho skulle ikkje tirra han.
Ho dreg sjalet tettare kring seg, vandrar hutrande ut over markane, opp mot fossen. Klatretreet har berre nokre få gulbrune blad igjen på greinene. Graset ligg flatt mot bakken. Trøytt, blautt.

Himmelen er tung.
Ho klyv over steingarden. Skogen står svart oppmed fjellet.

Ho stiller seg i fossegapet. Rett over hovudet flyt fuglane. Det er eit sug i vatnet.
I stupet.
Ho tek av seg på beina og kjenner den kalde mosen under tærne.
Beveger dei sakte.

Utdrag frå den komande romanen Ingen må vite (Samlaget 2008)

14 kommentarer:

Anonym sa...

Du skriver så sanselig, på den konkrete måten. Jeg liker at naturen ikke bare er «symbolsk» i teksten (for det er den jo også), men noe man kjenner fysisk i kroppen, i takt med ubehaget.

Anonym sa...

Spennende! Enkle, gode setninger som bygger opp sterke spenninger. Hva skjer med henne? Hopper hun? Stopper hun seg selv? Blir hun en annen, en som sier stopp til volden? Er det håp ...

Anonym sa...

Du skriv betre og betre, Aina. Artig at du hamnar mellom permar. Eg eg veldig glad på dine vegner. D

Aina Basso sa...

Oda: Eg liker det du seier om at eg skriv sanseleg. Det er noko av målet: Å forsøke å skrive slik at den som les kjenner det som karakterane kjenner.

Tomas: Den som les, får sjå. Glad eg klarte å pirre nyfikenheita di!

D: Eg er også veldig glad på mine vegner :) Takk for rosen!

Iselin sa...

En flott liten teaser.

Liker kontrasten i at språket er konkret og det virker utildekket, samtidig som det ligger en eim av noe under beskrivelsene. Flott oppbygging av stemning.

Aina Basso sa...

Takk for det, Iselin!
Så har eg visst oppnådd noko av det eg hadde ønska.

Anonym sa...

Åååååh!
Og vi skal liksom vente helt til høsten? Det er så LENGE til!

Aina Basso sa...

Ja, det er veldig lenge. Einig i det! Glad nokon andre enn eg er utolmodig :)

Avil sa...

Du er så veldig flink og eg gleder meg!

Aina Basso sa...

Takk!
No blir eg glad! :)

Anonym sa...

Lovende!

Anonym sa...

Huff... nå fikk jeg klump i magen her. :-(
Og av en eller annen grunn tenkte jeg på Tarjei Vesaas. Det ror og det ror. Noe slikt. Når noe maler og murrer...

Jeg tror at klumpen og Vesaas-tanken er et kompliment. Hva tror du? ;-)

Aina Basso sa...

Eg trur iallfall eg vél å ta det som eitt!

Er forøvrig ikkje første gong nokon blir mint på Vesaas av det eg skriv. Har ei scene som byrjar med "Det snør og snør." Utan at det er medvite Vesaas-tjuveri frå mi side.

Anonym sa...

Stilig! Da er det ikke bare meg som tenkte i de baner. :-)