7. februar 2008

Kautokeino-opprøret

Ein av dei dyraste filmane i norsk historie er no å sjå på landets kinolerret. Eg var og såg han tirsdag som var, og vil tilråde han på det varmaste.

Det er konflikta mellom samane og eliten i Kautokeino på 1850-talet det dreier seg om.
Kjøpmann Ruth tener gode pengar på spritsalet, medan samane får reinen tvangsslakta for å betale den stadig aukande fyllegjelda. Det er samanes møte med predikanten Lars Levi Læstadius som får slutt på drikkinga, til frustrasjon for den ambisiøse kjøpmannen. Ruth trekk i trådane, og dette blir starten på ei konflikt som skal føre til store tap for det samiske samfunnet, og store overgrep frå den norske øvrigheita si side.

Ein visuelt vakker film, eit stillferdig action-drama, og ei sterk og gripande historie. Vakre naturskildringar, gode skodespelarar, og ein film som er interessant både som historisk og mellommenneskeleg innsikt. Det slår meg kor annleis denne filmen kunne vore om det ikkje var samen Nils Gaup som hadde stått bak. Ei fin og var skildring av det samiske samfunnet som ei menneskeleg og dynamisk gruppe, og ikkje som rare urfolk som driv reindrift og tuslar joikande rundt mellom lavvuane.

Det einaste eg kan seie meg einig i av kritikk, er at karakterane verkar ganske einsarta og flate: Anten er du god eller så er du vond. Men det fungerer i denne filmen, kanskje måtte det vere slik denne gongen?

Terningkast: 5

Ingen kommentarer: