30. januar 2008

Markens grøde

Éin ting oppnådde iallfall gårsdagens teaterforestilling på Nationaltheatret:
Å få meg til å ønske eg i staden for å vere der, hadde brukt 3 1/2 time av mitt liv til å lese meg nokre sider inn i det eigentlege meisterverket, nemleg boka Knut Hamsun fekk Nobelprisen for.
Minn meg på å aldri meir sjå ein klassikar maltraktert av regissør Sebastian Hartmann.

Men noko må der jo ha vore som appellerte?
Jau, glimt av lykke fanst. For det meste brakt fram av anten scenografien, som tidvis var reint magisk (brun, luktande borkmold som raser frå taket og fyller golvet i det kvite scenerommet; regnet; dei store speglflatene som speglar og forvrenger skodespelarane og reflekterar publikummet i den ærverdige teatersalen) eller sjølve teksten, passasjane der det er Hamsun vi høyrer, den poetiske, skildrande, unike Hamsun.
Og skodespelarane var jo stort sett gode, sjølv om der var ein del merkelege måtar å gjere det på, som å framføre replikkane utan innleving, spottande, som var dei berre tekst, berre ord, eller å rope, heile tida rope, brøle, skrike.

Kanskje er Nationaltheatret rett og slett for avansert for meg.
Kanskje burde eg halde meg til dei meir tradisjonelle oppsetjingane av dei klassiske stykka, slike som dei noko mindre ærverdige kulturinstitusjonane ikkje ser seg for gode til å sette opp.
Det er nok meir i mi gate. Eg ser jo ikkje eit klassisk stykke for å lære noko om regissørens banale visjonar. Eg ser det for teksten sin del. For litteraturen det spring ut frå. For teksten brakt til liv på ei scene.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Så i Aftenposten at Sebastian Hartman skulle komme med et nytt stykke på Nationalteatereat i vår, men skjønner at jeg neppe får med deg.

Jeg likte Markens Grøde selv om jeg nok synes boka er bedre. Jeg var dog ikke særlig begeistret for barken som luktet veldig. Det beste med forestillingen var alt det fysiske. Isak som virkelig jobber hardt. Det kjedeligste var at stykket nok var litt langt.

Ellers er jeg enig i at det ikke bare var en god ide å deklamere replikkene som om de var død tekst.

Aina Basso sa...

Nei, eg trur eg skal stå over fleire stykke av han. Iallfall klassikarar.

Det eg reagerte mest på var den utruleg tullete slutten, med raud lyskastar-skanninga av salen og "du er no kome 3 millionar tilbake i tid"-datamaskinstemma, - science fiction-elementet. Det ga meg ingenting. Synest også "my name is human and i come from love" var i overkant platt. Litt Yoko Ono møter Knut Hamsun. Og einig i at borken ikkje lukta særleg godt. Men effekten av han var fin.

Synest kanskje det var litt i overkant mykje støy, også. Både lydmessig og fysisk.

Anonym sa...

Smaken er som baken... Jeg så stykket i fjor sommer og elsket det. Jeg fordrar derimot ikke å lese Hamsun.

Aina Basso sa...

Ja, det har du rett i :)
Og det er bra vi har ulik smak, alle saman. Eg er veldig glad i å lese Hamsun.

Ane sa...

Takk, vi er helt enige.

Aina Basso sa...

Godt.
Kjekt at nokon er einige, også! :)