27. januar 2008

Skisse

I helga fekk eg oversendt Stian Holes omslagsskisser til Ingen må vite.
Dei var nydelege!
Eg elskar fargane han har vald, biletet, detaljane, effektane. No gler eg meg endå meir til å sjå det ferdige resultatet, til å la fingertuppane gli over papiret, til tyngda av romanen min i handa.

Det var spesielt å sjå sitt eige namn og boktittelen på omslaget.
Uverkeleg. Herleg.
Så rart at det er sant. At eg skal bli forfattar.
At eg skal gi ut ein roman.

Det som står for tur for min del, er å få ordna med eit forfattarportrett.
Eg får velje fotograf sjølv, har fått ein maksimalsum, og skal be fotografen sende bileta og fakturaen til forlaget. Eg er litt usikker på korleis eg skal gripe det fatt. Eit kjapt nettsøk viste at det er langt fleire fotografar i Oslo enn eg trudde, og eg kjenner ikkje til nokon av dei.
Eg får ta ein runde på byen og forhøyre meg litt.

6 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Så fint at du likte omslagsskissene. Det er viktig å være fornøyd med sin egen bok. Men bare vent til du står med ferdig bok i hånda for første gang; det er en helt spesiell opplevelse.
Ellers tror jeg det er lurt å forhøre seg litt når det gjelder fotograf. Kanskje du kjenner noen som kjenner noen? Du kan også se på noen bokomslag av nyere dato og se hvem fotografen er hvis du finner noen forfatterportretter du synes er fine.

Aina Basso sa...

Ja, eg skal forhøyre meg litt. Har sirkla inn nokre aktuelle kandidatar.

Elles gler eg meg til å vise fram omslaget til heile verda! Men det er nok ei lita stund att før det er heilt spikra.

Avil sa...

Åh, dette var litt sånn der andelaust.

Aina Basso sa...

Ja, nettopp.
Det er det. Korleis går det med boka di, då?

Anonym sa...

Jeg vil anbefale denne unde damen: http://www.bjornhild.com/

Ung og lovende, lydhør for dine egne forslag, og med et godt blikk. Herlig å jobbe med!

Aina Basso sa...

Takk for tipset, Mia. Det kom diverre litt seint, eg har allereie bestilt time hos fotograf på fredag. Blir godt å få det overstått. Gruer meg litt.