20. februar 2008

Mannen som elsket Yngve

Ein tanke sannsynlegvis alle (blivande) forfattarar gjer seg, er denne: Tenk om nokon vil lage film av boka mi?

For nokre skjer det. Andre gjer det sjølv. For Tore Renberg var det sannsynlegvis ein kombinasjon.

Eg var på kino i går, og såg den nye, norske filmen Mannen som elsket Yngve, basert på boka med same namn, og med filmmanus skrive av forfattaren Tore Renberg.

Vi møter Jarle Klepp, ein radikal syttenåring i Stavanger i 1989. Saman med den endå meir radikale syttenåringen Helge Ombo, startar han Mathias Rust Band, viss store hit er punkrocklåten "Fittesatan anarkikommando", og landar dama dei begge liker, Kathrine. Og det er omtrent her historia byrjar. Dette er nemleg ikkje historia om eit punkrockband eller om ei skikkeleg søt dame som heiter Kathrine. Dette er historia om Yngve, og ikkje minst mannen som elska han - Jarle Klepp.

Dei morosame partia i filmen er veldig morosame, og det er desse som dominerer. Fleire gongar drukna filmdialogen i unisone latterbrøl frå publikum i salen. Endå fleire gongar blei ein sitjande og humre litt her og der. Noko kjenslevart er der jo, også. Og noko av det er heilt ok, endåtil ganske realistisk og litt trist, medan noko er platt, dumt og banalt. Men det kjenslevare er no ikkje eingong det som dominerer i filmen, eller grunnen til at ein går for å sjå han.

Eg tilrår denne filmen til alle som liker å få seg ein god latter, og som har ein lengt i seg etter å gjenoppleve 1989 på sitt beste - og verste. Eg har forøvrig også lese boka, men meiner ikkje ein treng å ha gjort det for å få fullt utbytte av filmen.

Terningkast: 5

Ingen kommentarer: