23. februar 2008

Kreative dagar

Det skjer mykje gøy for tida.
I dag har eg tilbrakt fire timar i studio, der eg har gjort nokre råtake på eit par songar saman med elektronika-artisten Cinque Cento. Det er første gongen eg prøver meg på elektronikasjangeren, og så langt synest eg det er veldig gøy og ikkje minst veldig bra musikk. Her kan de høyre ein av låtane hans, riktignok ikkje med meg som vokalist.

Eg har elles fått fotograferinga unnagjort. Så gjenstår det berre å sjå om eg klarer å finne nokre bilete eg er tilstrekkeleg nøgd med, til å bruke i bokomslaget m.m. I tillegg fekk eg manuset frå redaktøren i går, med nye kommentarar. Eg var stort sett einig i det han påpeikte, og har med eitt eller to unntak gjort dei endringane han føreslo. Det er i det store og heile veldig bra å ha ein dreven lesar til å gjennomgå teksten. Ein ser seg fort blind på det ein sjølv har skrive, og kan ofte stå fast med dårlege formuleringar det viser seg å vere enkelt å rette opp med den rette hjelpa.

4 kommentarer:

bharfot sa...

Synger du også!? Du er jo superkreativ.

Aina sa...

Hehe, ja. Gjer nok det. Har drive med musikk sidan eg var lita. Spelt piano sidan eg var ni og sunge i band o.l. sidan eg var fjorten. Artig! :)

Tehme Melck sa...

Det var da ikke måte på. Kan du ikke legge ut en snutt?

Aina sa...

Jaudå, det kan eg. Men ikkje før det er ferdig!