19. februar 2008

Litterær oppdatering

Eg les for tida hovudsakleg The Grass is Singing av Doris Lessing, fordi dette er månadens lesesirkelbok. Eg liker romanen veldig godt, og gler meg til å skrive ein skikkeleg omtale etter at vi har diskutert den i lesesirkelen.

Eg liker at det blir rom for nye bøker. Liker å bli ferdig med ei bok, og ta til med den neste. Eg lurer på kva eg skal velje. I det siste har eg skaffa meg nokre nye bøker. Den eine har eg så vidt byrja på. Det er Jasper Ffordes første bok i Nursery Crimes-serien, The Big Over Easy. Eg elskar Jasper Fforde, og ser fram til å kunne ta skikkeleg fatt på boka. I hylla står også nokre andre og ventar. Jane Austens klassikar Stolthet og fordom har endeleg kome i hus. Eg har allereie sett to filmatiserte versjonar av boka, men skammeleg nok har eg ikkje lese sjølve verket enno. Så er det Gertrude Steins The Autobiography of Alice B. Toklas, som eg vart nysgjerrig på etter å ha lese ein artikkel om paret i Bokvennen. Eg har også kjøpt Sigrid Undsets Gymnopedia, men trur ikkje denne står høgst oppe på lista. Så har eg fått tilsendt ei signert utgåve av Mono av Geir O. Jørgensen, som eg møtte på manusseminar på Samlaget for eit drøyt decennium sidan. Den skal også lesast. Skikkeleg, denne gongen, ikkje berre små bitar her og der.

I tillegg nærmar påskeferien seg. I dag er våren komen til Oslo, og eg byrjar å gle meg til å reise ut til ei vårvakker øy i havgapet. Til ein lang påskeferie høyrer også god litteratur med. Eg veit ikkje kva eg skal velje, men koser meg med funderinga. Ein god krimroman må til. Ikkje ei bok av dei forfattarane som skriv krim fordi det er lettare enn andre ting, men ei av dei gode, gamle. Dorothy L. Sayers, Margery Allingham, Patricia Wentworth, John Dickson Carr. Eg har lese Traitor´s Purse av Allingham, og vil tilrå boka til alle som liker gullalderkrim. Ei svært spennande bok med godt driv. Ei det var vanskeleg å legge ifrå seg.

På min eigen bokfront skjer det også litt. Eg skal fotograferast på fredag, og lurer på korleis det vil bli. Av femti bilete reknar eg med minst eitt blir presentabelt. Elles har redaktøren varsla at eg vil få manuset i posten snart, med hans endå grundigare kommentarar til teksten. Ein tekst er ikkje berre forfattarens, den er også forlagets og redaktørens. Men det er forfattaren som til sjuande og sist vél: Skal eg følgje råda redaktøren gir? Skal eg i det heile publisere? Eg stoler på min redaktør, stoler på at hans falkeblikk gjer romanen betre enn han kunne blitt viss eg ikkje fekk hans hjelp. Kanskje endrar denne innstillinga seg med åra, eller kanskje ikkje.

Eg er også blitt spurt om å bidra med ein tekst til jung.no, noko eg vurderer. Eg leitar i skrivebordskuffa etter ei novelle eller noko kortprosa som kan høve til publisering der. Enno er eg ikkje sikker. Eg har mange tekstar, men er dei ferdige?

Ingen kommentarer: