Den første boka eg las ut på ein dag, i eitt strekk, var mors utslitne versjon av Den hemmelighetsfulle hagen ein gong på barneskulen. Det var ei magisk bok. Frykteleg trist og skummel og fin på ein gong. Det er som eg har snust inn den hagen. Lukta av våren som kjem, vinden som leikar i rosebuskane. Kjensla av å låse opp ei eføydekt dør i ein høg mur og stige inn i det forbodne.
Forrige veke fann eg ei nyinnspeling av filmen på biblioteket. Eg tok han med heim, og i helga såg eg han. Tjue år etter at eg las boka for første gong, såg eg filmen, og historia greip meg igjen. Eg må lese boka omigjen. Og denne gongen skal eg lese originalutgåva.
19. februar 2008
Gjensyn med ein løyndomsfull hage
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Takk for påminninga! Eg elska boka, men såg aldri filmen. Har mange gonger tenkt at eg skal gjere det. Kanskje i dag er ein god dag?
Eg såg ein film som var relativt nyinnspelt. Den filmen eg såg som lita var litt eldre, kanskje frå åttitalet. Gode begge to, iallfall så vidt eg kan hugse.
Ha, ha. Endelig en bok vi er HELT enige om! ;-) Den er bare så magisk at det holder!
Hehe - endeleg! ;)
Har forøvrig bestilt boka på engelsk, i originalutgåve. Blir kjekt!
Legg inn en kommentar