11. januar 2008

Sjuklingen

Eg er sjukmeldt for første gong.
Før jul, i avsluttingsfasen av eit prosjekt eg har vore tilsett på, arbeidde eg på meg senebetennelse i høgre skulder. Ei jul i ro gjorde ikkje susen, og eg har no fått musearm i venstre, òg, etter å ha forsøkt å avlaste høgrearmen.

Det er sjølvsagt keisamt å vere sjukmeldt, men eg vonar det vil betre seg fort ved at eg held meg i ro, og skriv minst muleg på laptopen.

På den positive sida får eg mykje tid til å lese. Det gler eg meg over.
Det står mange gode bøker i hylla og ventar, og eg har mange bøker på leselista.

I dag skin sola, og eg skal snart gå på biblioteket etter nye forsyningar. Biblioteket blir nok min beste ven i denne perioden. Filmar og bøker så langt auget kan sjå.
Eg håper eg blir fort frisk.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Huff, stakkars deg :-( Jeg var en gang sykemeldt i 8 mnd pga senebetennelse - i begge armer. På det dårligste kunne jeg ikke holde ei bok, pusse tenner, eller gå tur (da svinger man nemlig på armene, og det gjorde kjempevondt). Mitt råd er ihvertfall å ta en laaang pause før du blir så dårlig som jeg var, og det gjør du tydeligvis, men prøv så godt du kan å ikke bli utålmodig. Senebetennelse er dessverre noe man sjelden blir «fort frisk» av, tvert imot kan det bli nærmest kronisk hvis man ikke tar lang nok pause. Sköt om dig!

Jørn Roeim sa...

God bedring!

Aina Basso sa...

Takk for det!
Dette må eg ta alvorleg. Det kjenner eg. I dag har vore ein dag der det har gjort vondt å løfte tekoppen, slik at eg har vurdert å byrje med mindre koppar.
Men eg er ved godt mot! :)