13. desember 2007

Dette livet

Livet skjer.

Somme tider er det som om livet skjer ein annan stad. Ein distanserar seg, krullar seg saman i mjuke, fiktive skyar, ein er ikkje lenger til stades, ein ser seg sjølv utanfrå når ein freistar føre normale samtalar med normale menneske ein plutseleg ser på med andre, distanserte auge, ein tenker på kor framandgjorde vi alle er, kor stort allting er, kor liten og uviktig vår eigen patetiske eksistens er i dette mylderet av år og dagar, minutt og sekund, i dette havet av andre planetar og galakser, i eit kven veit kor forbanna dritsvært univers som vi berre flyt rundt i, som små prikkar, som ein liten prikk på ein liten prikk, i eit stort stillehav av prikkar på prikkar.

Men no er det ikkje slik. No skjer livet. Her. Det kjem innpå meg, det føregår, eg kan ikkje unngå å forhalde meg til det. Eg har ikkje tid til å gå inn i meg sjølv, i andre verder, ikkje tid til å krulle meg inn nokon stad, må berre vere med, leve, delta, le, gråte, danse.

Og det einaste eg lengtar etter er at alt dette morosame og intense og levande og krevande skal vere forbi. At eg skal få sitte heilt stille og lytte til susinga i mitt eige hovud, sitte og keie meg med ei bok eg eigentleg ikkje var så fascinert av likevel, eller endeleg få tid til skrive, skrive, skrive meir.

Dette plagsomme livet.
Det kjem og forstyrrar meg.

2 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Hm. Fin sak.

Aina sa...

Takk for det.
Det er nok slik for fleire enn meg, kan eg tenke meg. Innimellom.