13. november 2007

Tid for jul. Snart.

Eg er ein julegris.
Dette har eg nok nemnt før, og eg seier det gjerne igjen:
Eg. Ein julegris.
Jepp.

Dette betyr slettes ikkje at eg støttar for tidleg julefeiring, som marsipangriseting eller julebrusdrikking i oktober. Eller julematmiddagar og julepynt i huset før advent. Men det betyr at eg byrjar å tenke på jula litt før mange andre.

Og det er denne deilige draumen om jul eg no har byrja å lulle meg inn i, slik eg har gjort kvart år heilt sidan eg skjønte kva jul innebar, og sikkert vil gjere kvart år som ligg framfor meg også. Det aller koselegaste med juledraumen er at eg byrjar å planlegge kva eg skal lese i juleferien. Eg byrjar også så smått med julegåveinnkjøp og å lure på kva slags julekalender som skal gå på tv i år.

Nytt av året er at eg i tillegg lyttar til Nils Nordberg lese jula inn. Eller En kriminelt god jul, om du vil, med femten svarte julefortellingar. Det er herleg. Men eg har enno ikkje klart å bestemme meg for juleferielektyren. Det varierar litt på dagsformen. Eg har i dag bestilt fantasyboka Skammarens dotter på biblioteket. Harry Potters tid er jo diverre omme, og eg treng noko av same kaliber til å fylle meg med glede og leselyst. Så eg skal gi denne Lene Kaaberbøl ein sjans. Som pluss kjem jo at bøkene i tillegg er omsette til nynorsk. Så kanskje blir det ei bok i denne serien til jul, eller kanskje noko heilt anna.

Eg har lurt litt på å ta med Det er Ales, som motvekt til alt det julelette. Eg har også vurdert å lese oppigjen dei tre siste bøkene om Anne fra Bjørkely, som står i bokhylla heime. Det skal ikkje stå på lesestoff.
Trikset er berre å plukke ut det rette, slik at det blir ei riktig god jul.

2 kommentarer:

Anonym sa...

He, he. Festlig rødt juleinnlegg!

Jeg er midt i lagingen av pakkekalender jeg også, så også her har jula også snikstartet kjenner jeg. ;-)

Aina sa...

Hehe - så bra du likte det. Fekk ei kjensle av at det kanskje kunne bli litt mykje for somme. Det er ikkje alle som deler mi entusiasme for juletida :)

Så utruleg koseleg med pakkekalender! Det er stas, det. Eg trur forøvrig det kan ha vore "Taxi for B.A. Beckström" som sette meg i julestemning for fullt. Ribbe (eller pinnekjøt - nam!), den djupe, mørke skogen med den djupe, kvite snøen, tanken på surkål (eller raudkål!)... Nei, no fekk eg meg sjølv svolta her. Eg gler meg til julematen! Hihi.