13. november 2007

Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu

Så har eg altså lese ut lese-eksemplaret av Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu, skriven av Edmund Austigard.

Boka handlar kort fortalt om det å ikkje sette spor etter seg. Bokstaveleg talt og i overført tyding. Metaforar som "han kasta ikkje skugge" og "han sette ikkje spor etter seg" blir tatt heilt bokstavleg, noko som gjer fortellinga surrealistisk, men som samtidig freistar seie noko større om å det gå gjennom livet utan å sette spor.

Korleis kan ein så sette spor etter seg?
Den enklaste og kanskje mest vanlege måten er å formere seg. Ein annan måte er å utrette noko som står for ettertida, anten innan kunsten eller innan politikken. Men no skal eg ikkje røpe meir, du vil vel lese boka sjølv?

På leit etter den rette forma for dette innlegget, forsøkte eg meg først på å liste opp dei stikkorda eg meiner høver for å skildre denne boka, og her er dei eg kom fram til:
vilter, surrealistisk, sprø, humoristisk, lettlesen, leiken, tøvete og - ikkje minst - lett på foten.

No har ikkje eg lese brakdebuten til Austigard, Krinsereglane, enno, og kan difor ikkje kome med ei samanliknande analyse av Austigards to litterære prestasjonar. Men eg kan seie noko om Taxi for B.A. Beckström, om ikkje anna. Og kva kan eg seie om Taxi for B.A. Beckström?

Der finst eit ordtak (relativt nytt, og sannsynlegvis ikkje nedskrive nokon stad) som seier at dersom du ikkje likar reklamefilmen du ser, er du nok ikkje i rette målgruppa. Å seie at eg ikkje likte Taxi for B.A. Beckström er å ta litt hardt i, men å seie at eg ikkje er i rette målgruppa, stemmer nok. Som eg skreiv innleiingsvis, er eitt stikkord som kan skildre denne boka "surrealistisk". "Tøvete" er eit anna. Ettersom eg har problemer med å svelge magisk realisme, er det kanskje ikkje så rart at eg har problemer med å svelgje Taxi for B.A. Beckström.

Ein mann som ikkje har skugge? Som ikkje set fotspor i snøen? Som kan flyge lett som vinden ut av sitt eige vindauge? Men som likevel vandrar omkring på jorda utan å vekke større oppsikt, og som attpåtil har ein "skikkeleg jobb" i Statistisk Sentralbyrå? Ein mann som er 92 år, men tenker og ikkje minst snakkar som om han var femti år yngre (omlag på alder med forfattaren)? Sistnemnte har riktignok ingenting med magisk realisme å gjere, men er med på å gjere denne boka vanskeleg å svelgje for meg, og ikkje minst lite truverdig.

Men truverdig, kan ein innvende, denne boka har vel aldri reklamert med at ho skal vere særskilt truverdig? Nei, kanskje ikkje. Men truverde innanfor ein kvar sjanger må til for at lesaren skal klare å lene seg tilbake og nyte turen. Og det er her dette med målgruppe kjem innigjen. Eg har openbert problemer så snart sjangrane byrjar å gli over i kvarandre. Spesielt når dei glir frå realisme til surrealisme og tilbake igjen.
Då mistar du meg.
Eg har stor sans for det mest urealistiske du kan tenke deg; fantasy, romanar om verdsrommet eller reiser til jordas indre. Men ein 92-åring som ikkje har skugge? Nei, den må du lenger ut på landet med. Også glidingane mellom røyndom og fantasi, som den nokså paranoide hovudpersonen slit med, verkar lite truverdige på meg. Og ikkje minst forvirrande.
Men det skal seiast at eg svel det litt lettare no som eg fekk hol på kva som kan vere forfattarens tanke bak boka. Nemleg det bokstavelege i å ikkje sette spor etter seg: Som å ikkje sette spor i snø.
Forfattaren er død? Pføy!

Eg synest det er bra det finst slike bøker på nynorsk.
Korfor det? Jau, fordi dette er ei bok med brei appell. Dette er ei bok mange vil like og kose seg glugg i hel med, gjerne i juleferien (eg oppmodar herved). Dette er ei bok fleire eg kjenner vil gapskratte av, og difor er eg glad forfattaren vél nynorsk når han skriv henne.

Konklusivt kan eg seie det slik:
Likar du ikkje Gabriel Garcia Marques eller magisk realisme, så er nok ikkje denne boka noko for deg. Er du derimot open til sinns, med ein hjerne som taklar glidande overgangar og ein litt sprø og vilter humor, er dette kanskje midt i blinken.
Edmund Austigard, folkens!
Merk dykk det namnet.

4 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

"Er du derimot open til sinns, med ein hjerne som taklar glidande overgangar og ein litt sprø og vilter humor ..." Dette er jo en perfekt beskrivelse av meg, med andre ord er vi diametralt ulike. I dag var jeg f.eks. innom biblioteket og bladde i noen nye norske romaner. Jeg fant ingenting som var sprøtt nok! Altfor mye kjedelig realisme. Nesten så jeg fikk lyst til å finne frem Beckett når jeg kom hjem. Men nå må jeg også bli ferdig med Austigard, som jeg altså leser med helt andre øyne enn deg. :-)

Aina sa...

Det kan godt hende, ja. Blir spennande å lese di melding når den tid kjem.

Anonym sa...

Jeg fikk den samme følelsen når jeg leste dette, som da jeg selv skrev blogginnlegget mitt om "Boktyven". Jeg ser at det er en bok med bred appell, men den traff ikke meg. Ergo blir man nesen litt snytt fordi man selv ikke har fått del i den samme store leseopplevelsen som andre har kost seg med, samtidig som man ikke kan hjelpe for å mene at boka ikke var "all that". Det du skriver om målgruppe er nok veldig rett.

Jeg liker måten du omtaler boka på selv om du ikke falt for den personlig. Selv koste jeg meg glugg i hjel med Austigard, men så er jo jeg ingen tilhenger av fantasylitteratur heller. ;-)

Det at en bok dytter på sjangerveggene synes jeg personlig bare er morsomt. Men det er klart, om man ikke opplever at det fungerer, så blir det jo ikke noe stas. Men det synes faktisk jeg - i motsetning til deg - at det gjorde i "Taxi for B.A. Beckström" - det er vel også derfor jeg mener boka er så strålende.

Uansett er det både givende og interessant å få ta del i andres leseopplevelse av en bok man har lest. Man "ser" boka gjennom andres lesebriller - det er gøy! Selv om man altså nødvendigvis ikke er enig.

Aina sa...

Eg synest noko av det som er mest spennande med denne bokblogginga, er at vi stundom les dei same bøkene, og skriv om dei på ulike måtar! Det er veldig givande. Og så får vi brukt argumentasjonsmusklane litt også :)

Det er gøy å "anmelde" bøker på denne måten. Gå inn i dei, skrive om dei, tenke gjennom dei på ein annan måte. Det trur eg forøvrig også er nyttig når ein skriv sjølv. Å lese med forfattarblikk, er det noko som heiter.