12. november 2007

Ein tafatt type

Dei skulle halde kontakten. Dei lova kvarandre det den morgonen i Westye Egebergs gate. Men det blei ikkje slik. Det var igrunnen hans skyld. Han vedgjekk det. Ho ringde. Men han tok aldri telefonen på den tida. Torde ikkje. Eller ville ikkje. Ho skreiv både brev og kort og hadde til og med vore og banka på døra hans ein gong eller to.
- Kor blir det av deg?
Det blei til at han sende eit telegram. Av alle ting. Eit telegram. Den einaste gongen i livet han hadde sendt telegram. På telegrammet stod det:
La meg vere i fred. B.A.

Edmund Austigard: Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu (2007).

2 kommentarer:

Anonym sa...

Oj. Hva kan man si annet enn det? Oj.

Jeg gleder meg i alle fall til B. A. Beckstrøm.

Aina sa...

Ja, denne boka gjer iallfall ein ting: Ho tek deg med ut på ei vilter reise.