8. november 2007

Statusrapport

Eg har vore eit skrivande menneske den siste veka.

I går fullførte eg ein ny versjon av manuset. Eg har skrive tre nye scener, og elles gjort dei små korrekturendringane redaktøren føreslo. Nesten alle. Dei eg syntest var heilt greie å gjere. Nokre få kunne eg ikkje utan vidare gå med på, det går på rytmen i språket. Det er ikkje alltid det er likegyldig om det står

Ho ligg tett inntil mor og det er mørkt.
eller
Ingeborg tett ligg inntil mor og det er mørkt.

Det første har ein flyt i seg. Det andre hakkar. Då må ein diskutere: Kor viktig er det - eigentleg? Eg trur ikkje det er så viktig. Viktigast for meg. Rytme er generelt veldig viktig.

Eg jobbar også med tittel. Har nokre relevante forslag på plass. Eg gler meg til å høyre kva redaktøren synest. Kanskje har han noko å seie som forløyser det heile, kanskje er han nøgd med det eg har kome opp med så langt. Vi får sjå. Eg skal la manuset kvile ei vekes tid, før eg sender det til han. Sjå om der dukkar opp noko i mellomtida, sjå om ikkje dei nye scenene må pussast endå litt på. Eg har jo så god tid. Har berre vore så inspirert.

På lesefronten har eg byrja på ei ny bok, Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov. Ho fenga meg umiddelbart, og eg gler meg til å lese vidare. Det hadde eg ikkje venta. Det går også framover med Taxi for B.A. Beckström, og novellene av Sigrid Undset. Eg føler eg har hyggelege leseprosjekt på gang no. Livet er generelt svært hyggeleg, for tida. Mykje litteratur, og snart er det jul!

Ingen kommentarer: