12. november 2007

Min nabo Totoro - om japansk animé

Eg hadde mitt første møte med japansk animasjon då eg var omtrent ni, og storebror min kom heim med ei diger, gråkvit parabolantenne han plasserte i hagen.

Eg var ikkje van med teiknefilmar utanom barne-tv-tid, så Sky Channel var heilt fantastisk for eit takknemleg barnesinn. Og eg hugsar spesielt teiknefilmane eg seinare har identifisert som typisk japanske utifrå stilen på figurane, dei såkalla animé-filmane.

I helga fekk eg endeleg sett den japanske animasjonsfilmen Min nabo Totoro av Hayao Miyazaki. De hugsar kanskje at eg har nemnt filmen før, men då hadde eg berre lese om han, nærare bestemt i Dag og Tid, som mildt sagt hadde problemer med å få tittelen riktig.

For ei stund sidan såg eg så Chihiro og heksene, av same regissør, ein film eg var overraska over at eg likte veldig godt. Det same kan seiast om Min nabo Totoro. Eg kan herved slå fast at japansk animasjon er noko eg verkeleg likar. Spesielt med japansk tale.

Chihiro og heksene er ein ganske skummel film, om vesle Chihiro som forvillar seg inn i ein tilsynelatande forlatt hekseby saman med foreldra sine. Foreldra tek føre seg av den gode maten som står fritt tilgjengeleg på ein gaterestaurant, og blir snart omgjort til grisar. Chihiro må redde seg ved å ta arbeid hos sjefsheksa, og filmen handlar om hennar kamp for å få frigitt seg sjølv og foreldra sine frå slaveriet.

Min nabo Totoro har også overnatur-lege element, men er fin, der Chihiro og heksene er skummel.

Ein far med sine to små døtrer flyttar til eit gammalt hus ved ein stor skog, medan mor deira er på sjukehuset. I skogen er det eit digert tre, og veslesøster Mei finn snart ein veg inn i treet og til det venlege trollet Totoro.

Filmen handlar om redsla for at mor skal døy, ein snill, men fråverande far, og to jenter som søker hjelp og trøyst i eit venlegsinna nabotroll.

1 kommentar:

camilla sa...

Min nabo Totoro er en av favoritt-filmene mine! Chihiro og heksene er heller ikke så aller verst=)