6. november 2007

Om å vere litt audmjuk

Alle vil vere geniale. Alle vil vere den nye Knut Hamsun. Eller betre.
Alle vil vere han som er betre enn Knut Hamsun.

Eg les eit nyttig innlegg i forfattarbloggen. Eit nyttig innlegg for alle der ute som så gjerne vil bli forfattarar, men som framleis har eit hovmot større enn manuset dei har skrive. Eg seier ikkje enn talentet - talentet kan vere stort nok. Men også talent må foredlast, utviklast.

Mitt råd til håpefulle skribenter er å ta et valg. Er det å få publisert akkurat dette manuset - mesterverket du nå skriver - det viktigste for deg? Eller er det å få et langt liv som forfatter det viktigste? Det er ikke sikkert at de to tingene går hånd i hånd. Kanskje må du gi litt på det ene, for å få til noe på det andre. Kanskje må litt av drømmen ofres for å få til noe i det virkelige liv.

- Kjetil Johnsen i dette innlegget. Les det!

3 kommentarer:

Aina sa...

For å kommentere eige innlegg:
Eg meinar det ikkje slik mange i kommentarfeltet i forfattarbloggen såg ut til å ta det, at ein skal la forlaget bestemme kva ein skal skrive, slik at det ein gir ut er noko anna enn det ein står for. Ein skal stå for det. Det skal vere eins eige.

Men ein må innsjå at ein må jobbe hardt, også. At der er mange kamelar å svelgje og "darlingar" å drepe på vegen. Og dess fleire av desse du svel og drep før du sender inn manuset til eit forlag, dess større sjans er det for å bli antatt når du først gjer det.

Kjetil sa...

Hei - det var hyggelig at du anbefalte innlegget mitt her på bloggen din. Og at du forsto det jeg skrev, slik jeg gjerne ville at det skulle bli forstått!

Hilsen Kjetil Johnsen

Aina sa...

Kjekt at du synest det var kjekt, og at du fann bloggen min.

Synest det var eit viktig innlegg å lese for forfattarspirane der ute. Så blir kanskje refusjonane færre og lettare å svelgje.