5. november 2007

Fru Marta Oulie

Jeg har været min mand utro.
Denne månadens lesesirkelbok var Fru Marta Oulie, og dette var ein av dei få gongane VIP-klubben har vore einstemmige i sin dom: Dette er ei usedvanleg god, innsiktsfull og velskriven bok. På bakgrunn av dette kan gjengivinga av diskusjonen kanskje bli noko keisam, men eg skal forsøke å fatte meg i kortheit om mi og lesesirkelens meining om denne boka.

Fru Marta Oulie er, som de sikkert veit, romanen Sigrid Undset debuterte med i 1907. Ein debut som skulle bli ei litterær begivenheit, og som skulle skaffe den unge Undset ein stormande entré inn i forfattarmiljøet.
Ho var tidlegare blitt refusert med ein historisk roman, og sendt heim med beskjed om å aldri forsøke seg på historiske romanar igjen. Så seier iallfall soga, og interessant er jo dette, i lys av at Sigrid for ettertida særleg er kjend nettopp for sine historiske romanar. Undset skulle seinare få Nobelprisen i litteratur for den historiske romansyklusen Kristin Lavransdatter, og står i historia som den einaste norske, kvinnelege forfattaren som fram til i dag er blitt æra med denne prisen. Samtidsskildringane er meir gløymte for ettertida, men er etter min smak vel så interessante, om ikkje meir, enn mellomalderromanane.

Romanen byrjar altså med dei berømte orda, "Jeg har været min mand utro."
Med dette innleiast historia om den unge Marta som forelskar seg i stilige, raudhåra og svært forskjellige Oulie, giftar seg med han, får barn og etter ei stund mistrivast stadig meir i det småborgarlege livet dei fører, etter hans ønskje. Men gjer ho noko med det? Seier ho noko til han? Nei. I staden nyt ho merksemda ho får i sin tiltakande depresjon. Og når mulegheita kjem, er ho utru med hans beste venn Henrik.

Romanen er skriven som ei dagbok, med forteljande tilbakeblikk. Når dagboksnotatane byrjar, er ektemannen til Marta på tuberkoloseasyl oppe på Grefsen, dei har vore gift i ti års tid og ho bur i stadig dårlegare leilegheiter saman med ungane, etter at mannens sjukdom inntrådde. Dette ser ikkje ut til å plage henne.

Eitt av dei spørsmåla eg stilte meg etter å ha lese denne boka, var: Var det vanleg med så ærlege og direkte skildringar av ei kvinnes utruskap og seksualitet på denne tida? Dette spørsmålet kan kun svarast på ved at eg les andre kvinnelege forfattarar frå same periode. Ei av desse er Nini Roll Anker, men ho var også, som Undset, kvinnesakskvinne, og vil kanskje bryte dei same tabuane som det Undset gjer. Dei var dessutan gode venninner. Eg er difor interessert i tips til anna litteratur skrive av kvinner i byrjinga av det 20. århundret.

Det lesesirkeldebatten brukte mest tid på, var hovudpersonen sjølv. Fru Marta blei av mange, kanskje særleg dei mannlege medlemmane, oppfatta som egoistisk og manipulerande, fordi ho så tydeleg spelte på dårleg samvit hos sin mann for å få han til å gjere som ho ville, - ho naut merksemda ho fekk når ho ga seg over til melankolien. Som vårt medlem som er utdanna psykolog sa: Ho har ein svært passiv-aggressiv måte å oppføre seg på.

Sjølv syntest eg litt synd på henne. Ho ville så mykje meir, Marta. Ho ville ha eit meiningsfullt arbeid, noko meir enn mann og barn og siste mote innan salongmøblement. Ho ville ha ein mann som forstod henne, men då ein mann som forstod henne dukka opp, ville ho ikkje ha han likevel.

Ei bok vel verd å lese, både for kvinner og menn. Og for dei interesserte i Oslohistorie, kan romanen by på morosame skildringar av Kristiania anno 1905: Markane som strekk seg frå Grefsen og nedover mot byen, hytteliv i skogen, og skiutflukter til Frognersetra.

Ingen kommentarer: