5. november 2007

Eg gir opp

Stundom må ein ha litt sjølvinnsikt og innsjå at ein kjem til kort.
Eg har alltid vore ei ambisiøs jente, eg vil gjerne fullføre det eg startar, men denne gongen går det berre ikkje. Og det er like greitt å innsjå det før, som sidan.

Difor har eg no lagt følgjande halvlesne bøker på hylla, ein gong for alle:
Dorothy L. Sayers: The Five Red Herrings
Oddmund FJ Vaagholm: Det er noen mennesker her

I tillegg ligg Solstads Roman 1987 parkert på nedste nattbordhylle, saman med meisterdetektiven Sherlock Holmes og hans kjære dr. Watson i A Study in Scarlet.
Livet er rett og slett for kort og innhaldsrikt til å kaste vekk tid på slikt ein ikkje får noko utav.

Kva eg så les for tida?
Vel. Taxi for B.A. Beckström fortset å underhalde meg på bussen om morgonen. På senga kosar eg meg med tidleg 1900-talsnoveller av den store Sigrid Undset, i Den lykkelige alder. Og snart må eg ta fatt på neste lesesirkelbok, Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov. Det minte meg forøvrig på at eg ikkje har lagt ut referat frå førre vekes lesesirkelmøte om Fru Marta Oulie. Til verket!

Ingen kommentarer: