28. november 2007

Juleboka

Det nærmar seg jul, og eg har byrja å tenke på kva slags litteratur som vil eigne seg til å ta med på juleferien.
Eg skal, som alltid, reise heim til ei forblåst vestlandsøy, der det blir rikeleg med innetid, og lange lesenetter under dyna med vinden ulande utanfor og regnet piskande mot ruta.

Erfaringsmessig veit eg at det plar vere størst suksess om eg tek med litt lettare litteratur på ferien. Noko som er fengande, passe lettlese, og ikkje særleg tungtfordøyeleg. Lektyren skal helst passe både til ventetida på Gardermoen og turen med fly over fjella, og til å lese når eg kjem heim. Boka bør ikkje vere for tynn, men må samtidig få plass i veska.

I år leikar eg med tanken på å ta med to bøker på ferien: Historikeren av Elizabeth Kostova, som passar i lettleskategorien, og Det er Ales av Jon Fosse, som passar i veska, og verkar som ei fin motvekt til det lette.

Korleis tenker du når du vél ut julelektyren? Har du tenkt noko på det enno?

Men enno er det jo ein månad igjen til jul, og eg må ha noko å lese i adventstida, òg. Mesteren og Margarita må vere utlesen før mandagens lesesirkelmøte, og deretter tenker eg å fortsette med Skammarbøkene. Eg har reservert den andre boka i Kaaberbøls serie, Skammarteiknet. Eg gler meg til å lese vidare.

3 kommentarer:

elis lesebabbel sa...

Å herreguuud for en tung bok. Jeg snakker altså om Historikeren. Nei ikke spesielt vanskelig men omstendelig. Men kanskje du finner noe i den som ikke jeg fant. (Innrømmer at jeg skumma ganske grovt mot slutten).

Aina sa...

Hm. Trudde den skulle vere lett som skum, eg :)
Eg prøvar likevel. I verste fall får eg kjøpe ei anna på ferie!

Anonym sa...

Jon Fosse skriver utrolig. Anbefaler "Flaskesamlaren". Utrolig godt skrevet! :)