15. november 2007

Drifta

Etter at den nye ideen kom i går, kjenner eg ei drift og ei uro i meg etter å skrive.

Denne skrivedrifta kan innimellom vere litt vanskeleg å kombinere med eit vanleg liv. Om kveldane blir eg så oppgira at eg ikkje klarer å roe meg og sove. Når eg først sovnar, søv eg uroleg, og i dag vakna eg av meg sjølv tre kvarter før eg plar. Det er uvanleg. Eg dro difor tidlegare på jobb, og kan dermed også gå tidlegare.

Helst skulle eg hatt fri i slike periodar. Fri til å snu døgnrytmen, sitte oppe og skrive til eg svimte av, sove ut og skrive frå eg vakna. Men slik er det ikkje. Eg må halde ut til klokka er ti på fire, men då kan eg dra heim og byrje.

Skrive-ria er ikkje berre god. Det er som ein tvang innvendig. Eg må heim og skrive i kveld, men i dag er det ikkje noko lyst forbunde med det. Eg er sliten, og eg veit at denne drifta og uroa vil sitte fast i meg i nokre dagar, og plage meg til eg har fått utløp for denne gongen.
Det er berre å bite tennene saman.

Men eg skal ikkje klage. Det er dette som er livet.

5 kommentarer:

Cassandra Mortmain sa...

Skriver du nå på ideen du fikk på Mara Lee foredraget? Og hvis så: var det en fullt formet idé du fikk, eller har du hatt kimen til ei bok i tankene allerede og så passer ideen fra Mara Lee foredraget inn i denne? (Synes det er utrolig interessant å høre om andres skapelsesprosesser).

Når jeg får "skrivekløe" oppleves det ofte som en frustrasjon: frustrasjon når jeg ikke får skrevet, og frustrasjon når jeg får skrevet, men ordene ikke kommer fort nok eller bra nok ut. Tenk at noe som er så frustrerende kan gi så mye mening!

Jeg er litt misunnelig på dere som får slike skriveføre og bare MÅ skrive, og skrive lenge. Samtidig er jeg jo egentlig fornøyd med min egen metode med å skrive litt og ofte, noe som fungerer for meg.

Aina sa...

Ja, vi må alle finne våre eigne metodar. Eg trur ikkje det finst nokon fasit eller ein måte som passar for alle.

Eg fekk absolutt ikkje ein fullt forma idé, det har eg enno ikkje fått. Men det er nok litt meir enn ein kime. Vanskeleg å forklare. Eg fekk ein idé til ei samlinga kortprosatekstar/ noveller. Eg har lenge hatt lyst til å skrive korte tekstar, og har samla på idear. Det eg fekk no var den raude tråden som skal binde alle desse korttekstane saman. Ei ramme å skrive i, kan du seie.

Og det er denne ideen eg må heim og skrive på i kveld. I helga skal eg fullføre den nye versjonen av manuset, som eg har late ligge ei vekes tid. Så skal eg sende det til redaktøren. Eg jobbar altså med to ting for tida, både i hovudet og i praksis. Når det er sagt jobbar eg alltid med mange tekstar samtidig, fordi eg heile tida får nye idear som ikkje naudsynleg passar inn i kvarandre.

Cassandra Mortmain sa...

Spennende at du fant den røde tråden. Noe slikt må jo nødvendigvis bli utløsende.

Kjenner meg igjen i det du skriver om å jobbe med flere ting på én gang, selv om det for min del kun blir i hodet jeg kjører dette dobbeltløpet. Dvs. når jeg skal begynne å redigere utkastet jeg jobber med nå, er det ikke umulig jeg begynner å notere skisser til ideen jeg har lekt meg med i tankene et par måneders tid. Gleder meg egentlig ufattelig til å komme så langt.

Skriv i vei. I dag er det fredag, og nå er det helg!

Anonym sa...

U go girl!

Aina sa...

Hehe, takk for det! :)