25. september 2007

Litterær oppdatering

Eg har endeleg gitt meg på Douglas Adams´ ultimate galakseguide for haikarar, samt Solstads debut-novellesamling Spiraler.

Førstnemnte har eg lese før, og gjekk no (midt i fjerde boka) lei. Spiraler var morosam å kike på, men ettersom han er tydeleg inspirert av m.a. Kafka og skriv relativt surrealistisk og utan den seinare så særeigne vittigheita og formuleringsevna, har ikkje interessa vore heilt til stades. Men slik er det. Alle må byrje ein stad. Kanskje er han ikkje så nøgd med debutboka si 40 år etter, han heller.
Så her er lesinga for tida:

Nattbordet:
Dorothy L. Sayers: The Five Red Herrings
Sherlock Holmes: A Study in Scarlet (litt på vent)

I veska:
Anna Gavalda: Eg vil at nokon skal vente på meg (noveller)

Reiselektyre til Riga:
Jasper Fforde: Something Rotten

Og det gler eg meg til! Både reisa og boka. Eg drar i morgon.

Ingen kommentarer: