25. september 2007

Å endre seg som lesar

Det er blitt snakk om fordommar i bloggen i dag, og eg vil bruke omgrepet i hermeneutisk tyding, nemleg i tydinga for-dommar, altså eit verdinøytralt omgrep som viser til det inntrykket du har av noko på førehand, anten det er positivt, negativt - eller likegyldig.

Oftast går ein inn i lesinga av ei ny bok med ei formeining om det ein skal lese. Anten har ein høyrt noko, kanskje mykje, om anten boka eller forfattaren på førehand: Kanskje er motivasjonen for lesinga at nokon har tilrådd boka eller forfattaren, kanskje er motivasjonen at ein er blitt nysgjerrig fordi det er blitt mykje ståk rundt ei bok eller ein forfattar. Andre gongar veit ein kun det ein har lese bak på boka, kanskje har ein plukka boka ut av ei hylle fordi ein trengte noko nytt lesestoff på hytta, kanskje har ein kjøpt boka fordi omslaget var interessant... grunnane kan vere så mange. Men ein har alltid ein eller annan for-dom som ligg der, uansett kor nøytral ein freistar vere.

Men dette betyr ikkje at den positive, negative eller likegyldige for-dommen ein har i seg før lesinga startar, vil fortsette å vere nett likeeins når ein har lese nokre sider. Eg har ofte opplevd å vere negativt eller skeptisk innstilt til ei bok, for så å bli positivt overraska og sjå på både boka og forfattaren med nye auge etterpå. Eg kan ta krim som døme.

Eg er altså Agatha Christie-entusiast på min hals, og har hatt vanskeleg for å godta at nokon kan måle seg med henne innanfor sjangeren. Eg fekk så tilrådd å lese Dorothy L. Sayers, og sjølv om den første boka ikkje overtydde meg fullstendig, har eg no, etter å ha lese fleire bøker av henne, byrja å innsjå at dei to forfattarane er likeverdige. Eg fekk også tilrådd å lese ei anna krimdronning frå gullalderen, nemleg den New Zealandske Ngaio Marsh. Eg hadde store forventningar og forhåpningar, altså positivt ladde for-dommar, men blei umiddelbart skuffa.

Eit anna godt døme er Jon Fosse. Eg var skeptisk innstilt til Fosse. Eg hadde sjølvsagt fått med meg at han var genierklært, at han vert rekna for å vere den største nolevande norske dramatikaren, men sjølv hadde eg ikkje møtt magien. Eg hadde lese litt i Auge i vind, som eg elskar tittelen til, men hadde raskt avfeid han med at han var oppskrytt, eller i beste fall ikkje min kopp te. Så ga eg han ein ny sjans. No ser eg på Fosse med heilt andre auge. Morgon og kveld var absolutt min kopp te, sjølv om den neste boka eg ville lese av han, Bly og vatn, ikkje var det.

Jon Fosse er ein av desse medieeksponerte forfattarane, og i hans tilfelle set eg pris på det, fordi han skriv smal litteratur, fordi han skriv nynorsk og fordi han skriv bra. Han er eit unntak, då dei fleste medieeksponerte nolevande forfattarane skriv underhaldningslitteratur av det lettare slaget. Eg har også fått eit litt betre inntrykk av han etter skrivekurset i sommar, då eg fekk vite at han er omgangsven med forfattar og skrivekursleiar Rolf Sagen, og at dei plar drikke whisky og spele på hestar saman. Der vart han meir menneskeleg med det same.

Ingen kommentarer: