8. august 2007

Men kva med nynorsken?

Det byrjar å bli tid for nytt lesesirkelmøte, og diskusjonane kring passande møtestad er i full gong. I samband med dette er det naturleg å også snakke litt om bøker vi skal lese framover. Vi har hittil forsøkt å tilstreve ein viss balanse mellom mannlege og kvinnelege forfattarar. Difor har vi så langt lese ei bok av Virginia Woolf, og er blitt relatitvt einige om at neste bok ut skal vere ein roman av Sigrid Undset. Men kva med målform?

Som ein av dei andre påpeika i fellesmailen, burde vi jo også lese bøker på nynorsk! Og det var då eg byrja å kome på mange gode forslag, som eg også vil dele med lesarane - som kanskje har lyst til å lese meir nynorsk litteratur, de også! Eg har ikkje lese alle desse bøkene sjølv, men tenker at dette iallfall er bøker det er verdt å sjekke ut - og her er noko for einkvar smak:

Jon Fosse: Morgon og kveld; Bly og vatn
- vår store dramatikar har skrive desse romanane, som eg har fått spesielt tilrådd

Frode Grytten: Bikubesong; Flytande bjørn
- på den litt lettare sida

Mette Karlsvik: Vindauga i matsalen vender mot fjorden
- debutbok som fekk Tarjei Vesaas debutantpris

Finn Tokvam og Halvor Folgerø: Tyl
- morosamt om Olav Stedje-fans i bygdenoreg

Marit Kaldhol: Blondene gir seg ikkje; i huda er gud ein munn
- ein roman og poetisk prosa frå Kaldhol som nyleg fekk Kulturdepartementets pris for beste ungdomsbok

2 kommentarer:

Anonym sa...

Nynorsk er stas! Og jeg takker for tipsene om Mette Karlsvik og Finn Tokvam. De skal jeg notere meg og kikke nærmere på.

Selv leser jeg akkurat nå "Krinsereglane" av Edmund Austigard, men siden jeg bare er i startfasen kan jeg ikke si mer enn at den tegner bra. Så får vi se hvordan den utvikler seg. ;-)

Et annet godt tips om man vil lese nynorsk er faktisk fransk. Anna Gavlaldas "Saman er ein mindre aleine" er en nydelig bok jeg ennå ikke har hørt noen mislike. (Nesten litt mistenksomt det også! ;-) ) Det er jo stas at en så storselgende og feiret kontinental forfatter blir oversatt til nynorsk her til lands.

Aina Basso sa...

Einig! Lurte på å ta med Anna Gavalda, men sidan ho ikkje er ein norsk forfattar, let eg det vere. Har ikkje lese henne sjølv, men ho er definitivt på leselista - og det same er Austigard, etter å ha lese nokre bokmeldingar for to sek sidan :)

Eg likte Mette Karlsvik godt, ho nyttar ulike formmessige uttrykk i boka, og eg syns det fungerar. Tokvam har eg óg på leselista. Boka høyrest rett og slett strålande morosam ut!