8. august 2007

Frida


Nei, det er ikkje Frida med hjertet i hånden eg snakkar om, sjølv om eg likte godt filmane om henne også då eg var ein del yngre. Det er Frida Kahlo eg tenker på, og filmen om henne, som eg endeleg har fått sett.

Då eg var yngre syns eg Frida Kahlo var stygg. Bart og samanvaksne augebryn. Kva slags kvinne var det, liksom. No syns eg Frida Kahlo var vakker og sterk og fascinerande, og det er ikkje på grunn av skodespelaren Salma Hayek. Eg angrar på at eg ikkje såg separatutstillinga med henne då eg var i London og besøkte Tate Modern for nokre år tilbake. Men på den tida hadde eg ikkje sett Frida, og eg hadde ikkje enno forstått kor fascinerande mennesket og kunsten var - og er.

2 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Jeg så filmen for en tid siden og syntes den var veldig god. Frida Kahlo slutter aldri å fascinere. Jeg var skeptisk til Salma Hayek, men ble behagelig overrasket. Så vidt jeg husker fikk filmen Oscar for beste soundtrack, og den CD-en har jeg nå nettet sittet i tussmørket på terrassen og hørt.

Aina Basso sa...

Einig. Eg var også skeptisk til Salma Hayek, og positivt overraska over at ho faktisk kan spele.