9. august 2007

Lukta av historie

Som nokre kanskje har fått med seg, er eg historikar, og arbeider i eit middels stort depotarkiv.

Eit depotarkiv er, til forskjell frå det vi kan kalle eit daglegarkiv, ein institusjon som ikkje, slik mange trur, driv med arkivering av dagens saksbehandling, men som har som oppgåve å forvalte og bevare eldre kjeldemateriale - til evig tid. Dette kjeldematerialet er oppbevart i store magasin under jordas overflate, og inneheld alt frå gamle protokollar til nyare elektronisk arkivmateriale på cd-ar. Vi har også film og foto i samlingane våre.

Ettersom eg er historikar har eg naturleg nok eit spesielt forhold til historie, og ikkje minst til dei dokumenta som er grunnlaget for historia. Sjølv spesialiserte eg meg på 1700-talet då eg skreiv hovudoppgåva mi, og det er ei eiga kjensle forbunde med å sette seg ved eit bord på ein lesesal, og lese dokument handskrivne for 250 år sidan i ei skrift vi ikkje lenger brukar, nemleg gotisk. Kjensla av eit slikt dokument er unik - både for fingertuppane (som aller helst skulle vore hanskekledde, kan hende), for auga og for nasen. Lukta av gamle dokument er heilt spesiell.

Gammalt støv, gammalt klutepapir, blekk som har etsa seg inn i sidene, skinninnbindingar - samansuriet av desse luktene er det som møter ein når ein opnar ei gammal tingbok på ein lesesal, eller tek ein tur ned i magasinet i eit depotarkiv.

Ein kan ikkje bevare luktene av historia. Ikkje lukta av friskt gras på markane, blod og sveitte på rettarstaden, krydder og mat på marknadsplassane. Men historia luktar noko likevel. Ho luktar støv og papir og skinn. Og ho luktar godt.

2 kommentarer:

kristine sa...

Det er nesten så jeg har dårlig samvittighet når jeg fjerner 150 år gamle muggene omslag, for lukten og intrykket av materialet blir annerledes... men jeg er selvfølgelig enig i at mugg skal fjernes fra arkivmaterialet.

Aina sa...

Ja, eg forstår kva du meinar... aller helst vil ein jo bevare det gamle, uansett kor skada det er.