7. august 2007

Chihiro og heksene

Så har eg også sett han.
Den japanske animasjonsfilmen av anime-regissøren og manga-teiknaren Hayao Miyazaki, som fekk Oscar i 2003.

Eg har vore litt skeptisk. Trudd at eg ikkje likte japansk animasjon.
Men eg tok feil.

Chihiro og heksene er ikkje berre ein god animasjonsfilm, det er ein god film. Historia er spennande, mystisk, medrivande og overraskande. Det hjelp også at den sannsynlegvis nyttar element frå myter i ein kulturkrins eg nesten ikkje veit nokon ting om.

Dette er altså ei filmtilråding.

Ingen kommentarer: