15. juni 2007

Skrivekurs

Om to veker skal eg delta på sommarkurs i skriving i regi av Skrivekunstakademiet.
Dette er noko eg gler meg uhorveleg til; tanken på å fokusere fullstendig på mi eiga skriving i fem dagar, verkar unekteleg forlokkande.

Allereie første kvelden får vi oppgåver å arbeide med. I brevet eg har fått, står det at oppgåvene kanskje vil vere overraskande for nokon. Ordet "overraskande" får det til å krible i meg. Eg håper det blir overraskande for meg også. Eg håper heile kurset blir ei einaste stor overrasking.

2 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Lykke til!

Aina sa...

Tusen takk! Eg gler meg, eg er eit lite barn.