29. juni 2007

Skrivekurs dag 3 (av 5)

Det er sol i Bergen.
Eg og ei til sit og klaprar på tastatura, på eit lite bibliotek med grøne og blå ruter på golvet.
Så langt har eg skrive eit dikt og ei novelle som skal presenterast i helga.
Eg er spent på resultatet. På tilbakemeldingane frå dei andre. Kor nyttige vil dei vere? Kor harde er vi mot kvarandre, kor ærlege?

Eg har lært noko om formelle krav til novella og diktet,
verkemiddel ein kan eller bør bruke, for å skape interesse hos lesaren, og for å skape framdrift i historiene.

Goethe forfatta følgjande kriterier for novella (smørbrødliste):
1. Kort prosaforteljing
2. Konsentrasjon om person, tid og stad
3. Uhøyrt hending
4. Eit møte, heller enn ei reise
5. Samanstøyt mellom ulike verder
6. Bruk av leiemotiv
7. Gåtefullt
8. Open slutt
9. Stemningsfull atmosfære
10. Fokus på indre utvikling. Står ofte nær diktet.

Andre viktige ting ved novella er: Ei god førstesetning som skaper forventning hos lesaren, ei forventning det er viktig å innfri (historia må "lande"). Der må vere ei hindring som skaper framdrift i forteljinga, t.d. noko som byr på eit vanskeleg val. Ein bør utarbeide eit kort plott, for å forsikre seg om at novella har ei skikkeleg handling og eit poeng, men det treng ikkje å vere komplisert, faktisk kan det ofte fungere best om det er enkelt.

Så var det lyrikken:

Diktet skal halde fast augneblinken.
Ein nyttar metaforar, bilete, klang og rytme.
Gjentaking kan vere eit fint verkemiddel.

Og elles? Eg koser meg. Eg er ein svamp.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flott innlegg!

Dessuten smilte jeg godt over utsagnet: Eg er ein svamp. Det kommer til å følge meg i dag. Eg er ein svamp. Eg er ein svamp. :-)

Anonym sa...

Så bra at du trives og utvikler deg på kurs. Fortsett med å suge til deg inspirasjon.