2. juli 2007

Skrivekurset. Etterpå.

Det har vore litt av nokre dagar.
Intense, lærerike, krevjande, morosame, inspirerande.
Eg har lært noko om å skrive prosa og noko om å skrive poesi, og har også lært noko eg har hatt mistanke om ei stund: Medan prosaen min kan vere ganske bra, har eg ein veg å gå med lyrikken.

Her er diktet mitt, slik det blei etter at gruppa hadde gått runden med det:

eg reiv ned gardinene i sinne

eg er eit lysbilete på ein vegg
tause handflater

fingrar, krumme

12 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Uten den første linjen ga det meg noe.

Aina sa...

dette blir berre meir og meir interessant. av eit dikt på seks linjer, står no fire att, og her vil ein ha endå meir kutta. kva blir det neste?

Tehme Melck sa...

Skrivekunsten ligger ikke bare i hva man skriver, men i høy grad også i hva man stryker. Less is more, som det heter.

Aina sa...

less is less, heiter det også,
men tru ikkje at eg er ueinig.
(kill your darlings)
eg syns berre det er interessant. plutseleg står kun ei strofe igjen. eller kanskje ingen.

Tehme Melck sa...

Nei, ikke ingen. Det blir for lite. Men de tre. Du ser det, ikke sant? De henger sammen, utgjør en helhet. Hverken mer eller mindre.

Aina sa...

Jaudå, men nedrivinga av gardinene er premissen for dei tre andre linjene. Korfor (og korleis) er eg eit lysbilete på ein vegg? Korfor er hendene tause, fingrane krumme? Det er ikkje berre eit vakkert bilete.

Tehme Melck sa...

Jeg vet ikke hvor for hendene er tause og fingrene krumme. Men det er det som setter tankene i sving. Det sanne, det virkelige, er vakrere enn det vakre. Et dikt må si noe som er sant.

Aina sa...

Men kva er sannare ved dei tre siste linjene enn den første, eller enn alle fire saman? Dette forstår eg ikkje. Eg forstår at du såg eit klarare bilete utan den første linja, av ein eller annan grunn (kan du forklare?), men eg forstår ikkje kva som er _sannare_ ved "eg er eit lysbilete på ein vegg" enn "eg reiv ned gardinene i sinne".

Tehme Melck sa...

Jeg beklager dette med sannhet. Se bort fra det. Poenget er at jeg ser et klarere bilde uten den første linjen, som du er inne på. Uten den første linjen blir diktet et dikt for meg, noe jeg kan gå inn i og som setter fantasien i sving. På den måten blir det sannere for meg, i den forstand at da sier det meg noe.

Aina sa...

Eg forstår, og eg skal ha det in mente. Eg ser kva du meinar, men eg fekk sterke tolkingar av desse fire linjene på kurset, fleire meinte dette var den beste forma. Der var det også fleire som reagerte på å vere eit lysbilete på ein vegg, det var liksom ikkje sannsynleg nok. Som om poesi treng å vere sannsynleg. Som om lyrikk må gå an.

herecomestrouble sa...

Hej Aina,
faldt over din blog og dit gardindigt og skrev senere en tekst med udgangspunkt i din første linje. Så modsat tehme melck finder jeg den meget nyttig! Se evt. min tekst på min blog.

Aina sa...

Tusen takk!
Så fint å kunne inspirere til noko! Og så fint at folk har ulike meiningar.