25. juni 2007

Regn!

Øsande regn, pøsande regn...

Det regnar i Oslo. Kjellarleilegheiter vert oversvømde, bilhjul pløyer vassegl opp frå asfalten, elver renn nedetter gatene, parkdammar fløymer over breiddene.

Turen til St. Hanshaugen i går byrja lummer og tørr, tora som skralla med jamne mellomrom.
Vi kjøpte ein kaffi, sette oss ned på ein mørkegrøn benk midt i ei lang rad med like, tomme, mørkegrøne benkar. Rundt oss trea, det grøne graset, parkstiane, hettemåsane. Ein mann i rosa shorts og lyseblå piquet forsøkte å grille på ein balkong med parkutsikt.
Så byrja det å regne.

Vi fnisa, sette oss under paraplyane, trakk beina inntil kroppen, krøka oss saman. Vi tok biletseriar av oss sjølve, under paraplyar, med sjølvutløysaren på kameraet. Fnisa, knipsa, fnisa igjen, tok ein ny slurk kaffi.

Merka oss dropane som traff vassflata på dammen. Eit solstreif og regnet, måsane, kvite, som samla seg, duppa, vassflata prikka av kvite dropenedslagsellipser.
Så byrja regnet å hamre. Folk tok tilflukt under trea, storaugde. Regnet som rasa over parken, gatene, som å dusje, lyden av regnet mot paraplyane våre, auga våre som smilte, dei halvopne munnane.

Ingen kommentarer: