11. juni 2007

Om å reise

Trass utolmodet ein kjenner, det rastlause ønsket om å ville kome fram, er det likevel noko forlokkande ved sjølve reisa, ved transportetappen, ventinga i rørsle.

Eg har totalisolerte minne frå slik reising. Ofte er minna forbunde, ikkje med utolmod, rastløyse, keisemd eller irritasjon, men med sterke inntrykk, vakre landskap, interessante tankerekker, litteratur og musikk. Minnebileta er prega av ro og stillheit.

Å sitte på toget gjennom Tyskland og lytte til Goldfrapp for første gong.
Å sitte på bussen gjennom Romsdalen og lytte til Tori Amos.
Å sitte på flybussen til Værnes og lytte til Muse.
Å sitte på flytoget til Gardermoen og lese Torgni Lindgren.
Å sitte på ein blå stol på Gardermoen og lese Arild Asnes, 1970.
Å sitte på flyet og lese aviser, romanar, sjå ut vindauga, på skyane, på bygdene nedanfor, dei snødekte fjellmassiva like under oss.

Og å tenke tankar og skrive dei ned i ei lita bok.
Å tenke at ein kjenner lukta av havet svi inn i nasebora.
Å tenke at her kunne eg budd, her kunne livet mitt ha vore, her lever menneske som er nesten akkurat som eg.

Der er viktigheit i vala ein tek når ein skal reise.
Kva bok ein skal velje, kva musikk.

Eg kjøper ikkje uinteressante bøker på flyplasskioskar og legg dei igjen på flyet.
Eg vél dei nøye og med omhu ut av bokhylla. Eg planlegg det lenge i forvegen.

Ingen kommentarer: