10. juni 2007

Mykje kjekt i postkassa

Det er søndag.
Det er varmt. Altfor varmt til å gjere noko, til å arbeide, bevege seg. Eg har gjort det likevel.
Eg er sveitt. Raud. Matt.

Etter spaserturen eg utsette til kveldinga, gjekk eg inn den nedste døra og låste opp postkassa.
Ho var heilt full. Små kriblingar yrte frå magen når eg tok ut éin bokklubbpakke, endå ein bokklubbpakke, fleire aviser, eit magasin, to brev, og ein spennande gul postpakke frå Amerika.

Fangsten er som følgjer, og eigna til å få fyrt opp leselysta igjen (så snart eg har lese ut krimromanen av Patricia Cornwell - skremmande dårleg omsett, forøvrig - Spyflue, som eg les for å ... vel, for å lese):

I bokklubbpakkane:

Jasper Fforde The Well of Lost Plots (hurra!)
Johan Harstad Ambulanse

I den spennande amerikapakken, som lukta søtt og parfymert då eg opna han (forlokkande):
Den for meg ukjende Agatha Christie-romanen frå 1948, There is a Tide

I tillegg yndlingsavisa Dag og Tid, og første nummer i gåveabonnementet på Bokvennen.

Ingen kommentarer: