7. juni 2007

Gode lydbøker

Ettersom det går litt trått med lesinga for tida, har eg slått meg på lydbølgja, og høyrer no Professor Andersens natt av Dag Solstad. Eg har tidlegare lese boka, men dette var for ti år sidan, då eg var ein ungspire på sytten-atten, og eg er spent på om midtpartiet som eg syntest var så keisamt då, er meir interessant for meg i dag. Eg har som ei tru på at eg skal ha utvikla meg såpass.

Lydboka er til ei forandring svært god. Ho er innlesen av Lasse Kolsrud, ein mann eg ikkje anar kven er, og eg synest han fungerer svært godt "i rolla" som den 55 år gamle hovudpersonen, Professor Andersen. Foreløpig har eg berre høyrt nokre få spor av den første cd-en, men eg har god tru på at også fortsetjinga skal vere tilfredsstillande.

Eg lyttar også til Kjell Askildsen for tida. Hundene i Tessaloniki ligg på jobbmaskina, og eg har høyrt dei fleste novellene så langt. Også han liker eg svært godt. Eg liker novellekunsten hans, måten han gjentek dei same elementa, skaper historier som liknar kvarandre, som kanskje på eit vis handlar om det same, også, utan at eg har analysert dei tilstrekkeleg til å kunne sette fingeren på akkurat kva det er som skaper gjenkjenninga hos meg.

Ingen kommentarer: