20. juni 2007

"Nei!"

utbraut eg, då eg såg følgjande, skremmande overskrift på aftenposten.no:

"Harry Potter-bok blir en måned forsinket".

Lettare oppskjørta klikka eg meg inn på artikkelen, og kunne raskt puste letta ut: Det er berre den norske oversetjinga som kan bli forsinka (og garantert den danske; det er visst tid for agurknytt), medan eg framleis får boka sendt frå England i postkassa mi den 21. juli; akkurat i tide til å ta med på hyttetur...

Og apropos Harry Potter, så kjem jo den neste filmen også i sommar, Harry Potter and the Order of the Phoenix. Venninna mi Maria blei mektig skuffa då ho innsåg at vi ikkje får sett den saman (og kven skal ho då sjå den saman med?!), medan eg sannsynlegvis får sett den i heimbyen min saman med bror min, kona og barna.

Og apropos filmatisering av gode og intelligente barne- og ungdomsbøker, så ser eg at den første boka i Den mørke materien, Det gylne kompasset kjem på kino ved juletider, med sjølvaste Nicole Kidman i rolla som "sjefsheksa". Det blir jo morosamt. Bileta eg har sett frå filmen så langt stemmer ikkje heilt overeins med bileta eg sjølv har laga i hovudet, men slik blir det jo alltid.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg er litt skuffet over at jeg har en fridag dagen FØR den nyeste Harry Potter boka kommer. Det er så dårlig planlagt! Tror allikevel jeg skal få fatt i boka den dagen den kommer.

Jeg kjenner veldig mange som skal se HP5 filmen, så jeg kan ikke tro Maria blir helt alene.

Aina Basso sa...

...og eg er jo bortreist til den 22., så eg får den ikkje før ein dag seinare. Jaja, skal nok få kost meg med den uansett. Men får ikkje rast gjennom den i år, sidan eg skal på hypersosial jentetur den 23. Det klaffar litt dårleg, syns eg.

Hehe, Maria blir nok ikkje heilt åleine, men sidan mannen må passe jentungen deira kan ho ikkje gå med han heller, og utruleg nok har ho ingen fleire vennar (trur eg) som likar HP! Det er jo heilt vanvittig. Sjølv har eg riktignok berre to, og så bror min med barn, men likevel.

Anonym sa...

Har du hørt noen rykter om lengden på den siste HP boka? Er det på grunn av lengden at oversettlesen kan bli forsinket? Jeg har ikke noe behov for en bok på over 700 sider.

Aina Basso sa...

Nei, har ikkje høyrt noko om det. Grunnen var visst at det danske forlaget hadde estimert med at boka skulle kome tidlegare (i juni eller noko sånt) på engelsk, og har gått ut med dato for dansk versjon utifrå det.