1. juni 2007

Kanon

Kva med Amalie?
Eg har merka meg dei to nye kanon-listene som har kome den siste veka, den eine frå Aschehoug, den andre frå Litteraturfestivalen i Lillehammer. Der er også kome reaksjonar på listene; Helene Uri blir sitert på at ho syns der er kome med for få kvinner, medan Erlend Loe saknar den humoristiske litteraturen. Sannsynlegvis er der ei rekke andre som også er misnøgde, deira sjanger er kanskje ikkje representert; kva med nordmenn med minoritetsbakgrunn, kva med lettlestsjangeren, korfor kan ikkje den vere representert i kanon?

Kanon er eit flytande omgrep, det er eit press, og det er ei retningslinje. Det er sjølvsagt interessant at det i løpet av så kort tid kan kome to ganske ulike kanon-lister frå den norske kultureliten. Betyr dette at der ikkje finst ein fasit på kva som er den viktigaste norske litteraturen? Betyr det at der er rom for ueinigheit? At "kultureliten" kan ta feil eller endre meining?

Det er sant som Helene Uri seier, at der er underrepresentasjon av kvinner. Av nyare forfattarar er der stort sett kun menn som er tatt med, av eldre forfattarar har både Sigrid Undset, Cora Sandel og Camilla Collett blitt tekne med (om enn ikkje i begge listene). Men kor er Amalie Skram? Og kor er nyare, norske, kvinnelege forfattarar? Finst der berre gode mannlege forfattarar, med unntak av den for meg ukjende Gunvor Hofmo (som forøvrig også har vore ti år i grava)? Kor er Haldis Moren Vesaas?

Og kva er eigentleg denne kanon? Kva betyr den for oss, for deg, for meg? Gir den oss berre dårleg samvit for alt vi ikkje har lese, ikkje eingong kjenner til eller har på leselista, eller gir den oss eit puff til å oppdage nye forfattarar og gode leseopplevingar? Forfordelar den nokre, og skubbar andre inn i mørker og gløymsle?

Kor mange bøker frå den litterære kanon har du lese?

3 kommentarer:

Aina Basso sa...

Han hadde eg gløymt: "Kor blir det av Kjell Askildsen", spør Vidar Kvalshaug her: http://www.dagbladet.no/kultur/2007/06/01/502250.html

Godt poeng!

Anonym sa...

Kanskje jeg er lat, men jeg klarer ikke helt å forholde meg til en NORSK kanon. Jeg tenker på litteratur og gode bøker som noe internasjonalt og synes det er litt begrenset å tenke på en norsk kanon.

Aina Basso sa...

Interessant kronikk i Klassekampen om den norske kanon:
http://www.klassekampen.no/kk/index.php/news/home/artical_categories/kommentarer/2007/june/kanon