4. juni 2007

Dvdar og "Troll i eske" på Cinemateket

The Host
Denne helga har eg også fått tid til å sjå nokre filmar, denne gongen vil eg seie dei har vore svært spreidd i sjanger.

Fredag hadde eg sofakveld og såg filmatiseringa av Agatha Christies Ti små negerbarn, eller And Then There Were None, som filmen heiter, frå 1945. Trass dårleg biletkvalitet og noko tilpassing til scena (filmen er bygd på eit teaterstykke basert på romanen), var det ein god film, med flotte skodespelarar, spenning og (noko mi venninne Kristine ville visst å sette pris på) lekre førtitalsantrekk.

Laurdag såg eg litt på The Portrait of a Lady til frukosten. Filmen kom i 1997, og har Nicole Kidman og John Malkovitch i hovudrollene. Gode prestasjonar frå dei begge. Då filmen kom kan eg hugse at eg såg han, men eg var nok mindre interessert og meir irritert over ulykkelege kjærleikshistorier og skjebner då enn eg er no. Dessutan har eg lese romanen av Henry James sidan sist, utan at eg hugsar særleg av boka. Eg såg ferdig filmen i går, ettersom resten av laurdagen gjekk med til musikk, sol, vennar og pils.

Eg byrja også å sjå ein annan film i går, Broene over Madison County, som eg heller ikkje likte så godt då eg såg han for ti år sidan, men som fungerar langt betre no. Kva grunnen er, veit eg ikkje, kanskje er eg berre mottakeleg for romantiske kjærleiksfilmar for tida, eller kanskje kjennest ikkje eit kjærleiksforhold mellom to vaksne menneske like fjernt og merkeleg som då eg var tenåring.

Elles var eg for første gong på Cinemateket i går, nærare bestemt på arrangementet Troll i eske, som blir haldt den første søndagen i kvar månad og byr på store og små overraskingar. Eg håpte det skulle bli noko koseleg, kanskje litt romantisk (ja, eg er nok i det lunet), men den gong ei. Vi var så heldige å få sjå ein sør-koreansk mutant-monster-film, The Host. Visst har filmen fått svært god mottaking i heimlandet, den hadde eit visst driv og eit dataanimert monster som såg medium livaktig ut, men eg kan ikkje seie det var heilt min kopp te. Filmen forsøkte å kombinere monsterfilmsjangeren med systemkritikk og kjenslevarheit, men resultatet var dels komisk, dels merkeleg, og dels klissete. Likevel, filmen hadde sine fascinerande sider. Berre det å sjå ein koreansk film er jo ikkje kvardagskost, det var eit interessant innblikk i ein annan kulturkrins, og med tanke på at filmen til dels bygde på ei faktisk hending og var ein kritikk mot USA, var den ikkje så ille likevel. Men tilrår han, gjer eg nok ikkje.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Føler at mitt film-inntak i helgen også var av det varierte slaget. I tillegg til The Host, så jeg Zodiac og Bride and Prejudice. Jeg vil ikke si at noen av filmene var innen mine typiske sjangre og det er jo spennende. Lurte på om jeg skulle se ferdig Pride and prejudice (1995) for nte gang mens jeg stryker ferdig (Stryking er et Sisyfos arbeid!). Har kommet til episode fire. Det er kanskje mer min typiske film...

Aina Basso sa...

"Pride and Prejudice" er jo herleg uansett når og kor. Eg likar eigentleg ikkje å stryke, men av og til kan det gi ei viss tilfredsstilling og ro inni meg (eg stryk stort sett berre to gongar i året).

I går under lunsjen diskuterte vi (på mitt initiativ) kor ofte det er vanleg å vaske vindauga. Eg trur eg har eit husmorideal frå femtitalet eg innbiller meg at eg må leve opp til, utan at eg klarer det, openbart.