31. mai 2007

Møte i VIP-klubben

Neste bok ut
I går møttes lesesirkelen VIP-klubben (Vennar av Iain Pears) igjen til møte.

Ettersom vi denne gongen har lese To the Lighthouse (eller Til Fyret, på norsk) av Virginia Woolf, var det eit lyst hovud som kom på at vi kunne ha dette møtet nettopp på Fyret, den koselege kafeen på Youngstorget.

Omgitt av fyreffektar vart diskusjonen raskt innleia, og kort oppsummert er mitt inntrykk at alle likte boka. Mange syns det var vanskeleg å kome inn i teksten i byrjinga, på grunn av Woolfs bruk av "stream of consciousness" i skrivinga, og F.R. uttalte at han syns det var ei av desse bøkene som ikkje var like bra medan ein leste den, som etterpå. Det var også einigheit om at det er ei bok ein bør lese fleire gongar. Vi diskuterte intensjonane med boka, kva ting betydde, korleis forholdet mellom karakterane eigentleg var, og i kor stor grad det var ein sjølvbiografisk roman. Virginia Woolf har uttalt at ho helst ville kalle teksten for elegy, minneskrift, og var veldig klar på at ho skreiv om - og av seg - foreldra og barndommen.

Vi diskuterte også vegen framover, og har kome fram til følgjande plan:

Dei som vil les kortromanen Breakfast at Tiffany´s av Truman Capote, samt ser filmen, i løpet av den neste månaden. Deretter tek vi sommarferie, medan vi les Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen, og møtast igjen for diskusjon i august (kanskje på "Løvebakken"?). Neste på lista blir då ei bok av Sigrid Undset, og det har kome forslag om Fru Marta Oulie, som jo også er aktualisert i desse dagar på Litteraturfestivalen i Lillehammer som nettopp har temaet utruskap. Fru Marta Oulie byrjar jo med nett desse orda: "Jeg har været min mann utro", og er Undset sin debutroman frå 1907.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg tror kanskje du nå har meldt deg til vervet om sekretær i VIP-klubben!

Jeg tenkte på det på vei hjem at det hadde vært litt gøy å ha møtereferater fra VIP-klubben, med oppmøte, møtested, konklusjoner og videre planer. Tenk så gøy å se tilbake på. ...Har jeg jobbet i arkiv for lenge nå?

Aina Basso sa...

Hehe - eg trur vi begge er genetisk disponert for orden og system, det er difor vi passar til å jobbe innan arkivfaget og også taklar det.

Når det gjeld møtereferata, så skriv eg dei gjerne, så lenge eg kan skrive dei her i bloggen :)

Anonym sa...

Møtereferat fra VIP-møtene høres ut som en glimrende idè.

Tenk å dra frem referatene på VIPs 25-årsjubileum !
Da kan vi sitte å flire i skjegget over hvor unge og radikale vi var i våre tolkninger, så fordomsfrie i våre syn og hvor dristige og orginale vi var i våre bokvalg.

Aina Basso sa...

"Den dristige, originale VIP-klubben"? Kanskje det kan vere den nye tittelen vår? :)

Anonym sa...

Det er vel ikke så mye dristig og orginalt men verken bokvalget eller tolkningene våre, men det kan jo tenkes vi vil mene det om 25 år. Jeg har mest lyst på en slik fin møtebok med skinn innbundet rygg. Jeg liker at fine tanker er mellom fine permer.

Aina Basso sa...

I så fall trur eg du skal få vervet som sekretær! Du kan få skrive i ei vakker skinninnbunden bok, så kan eg gjere mine små betraktningar her i bloggen.