30. mai 2007

"Handler all litteratur om kjærlighet?"

Eg tek atter opp tråden frå bloggverda, og denne gongen er det En blogg for bokelskere som har skapt ettertanke med sine innlegg om litteratur og kjærleik, og den "store, litteraturteoretiske teori" om at all litteratur, når det kjem til stykket, handlar om kjærleik. Og kva vil så eg seie til det?

Jau, følgjande: Eg kan vere einig i at mykje av litteraturen handlar om kjærleik, men eg trur eg vil vri litt på det og spørre: Er det muleg å skrive litteratur fullstendig fri for kjærleik? Eller fullstendig fri frå nokre av "dei store spørsmåla" (livet, døden og kjærleiken)?

Eg vil påstå at der finst mykje litteratur viss hovudmål ikkje er å skrive om kjærleiken, men som likevel, gjennom skildringa av menneskelivet, naudsynleg impliserar nettopp kjærleiken - som beveggrunn, som forklaringsmodell, som noko direkte eller indirekte formande av karakterane i teksten. Det er ikkje spesifikt den erotiske kjærleiken som impliserast, det kan like gjerne vere kjærleiken mellom foreldre og barn, eller mellom vennar.

Uansett seier eg meg einig i at litteratur handle om kjærleik- eller fråveret av den - fordi kjærleiken er ein så viktig karakteristikk å definere seg, eller å verte definert, utifrå, anten det gjeld kjærleiken som kategori (utanfrå) eller som drivkraft (innanfrå).

Ingen kommentarer: