26. april 2007

Om å vere

I kor stor grad vél vi den vi er?
Er eg eit resultat av "den eg er" eller "den eg har vald å vere"?

Eg hugsar då eg flytta heimefrå for å studere i Trondheim.
Etter tjue år med å bevege seg innanfor ei fast avgrensa personlegdomssfære, godkjent av dei andre, hugsar eg at eg tenkte: "Når eg kjem til Trondheim kan eg velge kven eg vil vere".

Eg tenkte ikkje: "Når eg kjem til Trondheim kan eg vere den eg eigentleg er", nei, eg tenkte at der hadde eg fridomen til å velge, til å framstå som det mennesket eg ønska å vere, til å velge kven dei andre skulle sjå, og til å velge å ikkje bry meg om kva dei andre tenkte.

Fridomen var personleg og handla om å kunne vere synleg, men likevel usynleg.
Og hos meg kom den til uttrykk i at eg gjorde meg nettopp meir synleg.

Er eg framleis den jenta eg var før eg flytta til Trondheim? Er eg framleis den jenta eg var i åra på NTNU, 3B og Jesper Nattmann? Er eg den same jenta no, som eg jobbar og bur i Oslo? Måtte eg gå gjennom den viljestyrte transformasjonen for å kome dit eg er i dag, eller har eg berre plukka fram ein av mange mulege eg og vald å fokusere på denne? Er eg eller har eg vald å vere? Kor mange eg finst der? Og finst der ein essens eg aldri vil kome utanom?

1 kommentar:

Jørn Roeim sa...

Ja, det finnes en essens du aldri vil komme utenom. Men denne essensen har mange fasetter, slik at innen denne essensen har du mange valg. Se forøvrig mitt ord for dagen 27. april.