26. april 2007

Å leve, lese, drøyme

Medvitet arbeider visst.

Om nettene drøymer eg tydelege, klare draumar eg ikkje kjenner.
I natt vart hunden min frakta i ein bag i lasterommet på eit skip over havet.
Eg har ingen hund.
Likevel gjorde det vondt å tenke på han, åleine, i ein blå bag av glatt, slitesterkt stoff, i eit kaldt, mørkt lasterom over havet.
Knakinga av jarnet i skroget gjennom det tomme rommet.

Eg er i andre verder mesteparten av tida.

Singer har nyleg mista kona si, Merethe, på randen av skilsmål. Han kjenner seg skuldig. Biblioteket han arbeidar i er til forveksling likt hovudbiblioteket til Deichman. Eg har eit indre Notodden som ikkje eksisterar utanfor mitt hovud. Det er vakkert. Er eit gammalt villastrøk i det, eit glatt vatn, runde åsar.

Mr. Ramsay slit med sjølvtilliten. Den vesle sonen hans, James, hatar han. James sit på golvet og klipp ut bilete av kjøleskap i ein produktkatalog. Han er flink til å klippe. Verda er kvit, overeksponert, eit altfor sterkt lys som fjernar det meste av fargane. Mrs. Ramsay strikkar lyngfarga sokkar til sonen til fyrvaktaren. Ho veit ho er vakker. Kanskje er ho betre enn mannen sin. Ho vil ikkje tenke det.

Ingen kommentarer: