2. mai 2007

GLUPSK!

Eg har stor litterær appetitt for tida.
Kanskje er det ikkje berre for tida, kanskje er det eit gjennomgåande fenomen for mitt vedkomande, men eg trur denne glupskheita har tatt ei seksårig pause medan eg studerte på universitetet. No er den imidlertid i største grad tilbake.

Bøkene eg tek meg sjølv i å lengte mest etter akkurat no, er
Sult av Knut Hamsun (symptomatisk, kanskje)
Died in the Wool av Ngaio Marsh (ligg forlokkande i si brune innbinding på nattbordets nedste hylle)
Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen (andre hylle frå golvet på stova)
Ubehagelig episode i Bellona-klubben av Dorothy L. Sayers (øvst på hugselista på biblioteket sine internettsider)

I staden slit eg meg gjennom To the Lighthouse (ikkje fordi den er tung eller uinteressant, men så poetisk og så flakkande - ein tanke tvinnar seg kring greinene på pæretreet - på engelsk), eg kosar meg aller skuldigst med Lost in a good book av Jasper Fforde og av bøkene på hylla som midlertidig er lagt på hylla, er Den mørke materien av Phillip Pullman og den evige Kafka.

Ingen kommentarer: