17. april 2007

Kvinnelege vs. mannlege forfattarar

At menn ofte har problemer med å lese kvinnelege forfattarar er eit trist faktum, medan kvinner ikkje ser ut til å ha det same problemet. Kvifor er det slik, kan ein jo spørre seg, men eg er redd svaret vil bygge langt meir på kjønnsstereotypiar i kvinnas favør, enn på nye og interessante innsikter.

Men kva med meg? Visst har eg ikkje noko større problem med å lese mannlege forfattarar enn kvinnelege, og så vidt meg bekjent har eg heller ikkje for vane å på eit generelt plan føretrekke det eine kjønnet framfor det andre. Men det er i teorien. Korleis ligg det an i praksis?

La oss ta ein kik på mi noverande lektyre. Kor mange kvinnelege forfattarar og kor mange mannlege les eg? Svaret: Ei kvinne og tre menn.
Men kor mange kvinner vs. menn er det på den umiddelbare leselista mi? Svaret: Tre kvinner, ein mann. Så langt, så godt. Dette kan i høgste grad tyde på tilfeldigheiter.
Korleis forheld det seg med dei litterære favorittane, då? Svaret: Eg har omlag dobbelt så mange mannlege favorittforfattarar som kvinnelege, men eg har fleire bøker av dei kvinnene eg har lagt min elsk på.
Vi kan fortsette å gå statistisk til verks: Av dei 30 bøkene eg las i fjor, kor mange var skrivne av kvinnelege - og kor mange av mannlege forfattarar? Svaret: 11 kvinner, 19 menn. Forholdet er altså stort sett 1 til 2.

Kvifor er det slik? Er det fordi kvinner ikkje skriv like gode bøker som menn, er det fordi det finst fleire mannlege- enn kvinnelege forfattarar, eller er det fordi dei forfattarane eg kjenner til har ei overvekt av menn? Interessante spørsmål, men diverre umulege å svare på i eit blogginnlegg. Men ein diskusjon på temaet kunne jo vere interessant! Og gutar; dropp flåseriet!

1 kommentar:

Anonym sa...

Leste denne posten i går og tenkte at dette trenger jeg litt mer tid til å tenke igjennom.

Den første tanken var at jeg nok også leser flere mannlige forfattere og at de dermed også vil komme høyt på favoritt-lista. Men så kom jeg på at de jeg skulle velge favorittbøker til Facebook profilen min valgte jeg tre bøker av kvinnelige forfattere og en mannlig. Austen, Sayers og Byatt vs. Pears. Men nå varierer jo favorittbøkene og favorittforfattere. Jeg kunne like gjerne ha satt opp Jorges Luis Borges, Ian McEwan, Russell Hoban og Margery Allingham for å få tre menn og en kvinne.

Tror jeg også må se litt på statistikken. Har glemt almanakken, så kan ikke få sjekket hvilke bøker jeg har lest i år, men kommer på flest mannlige forfattere. Og for øyeblikket leser jeg Evelyn Waugh og Virginia Woolf og venter på Ian McEwans nyeste, så akkurat nå er min status som din 2:1.