17. april 2007

VIP-klubben

Bok-klubben Vennar av Iain Pears har så langt hatt to møter.

Bak-grunnen for det noko useriøse namne-valet er dei to bøkene vi så langt har lese, Scipios drøm av Iain Pears og Et skilt ved korsveien av same forfattar, og det faktum at det er muleg å bruke forkortinga V.I.P., noko som verka uimotståeleg på den eine av F-ane.

Vi er mellom 4 og 6 medlemmar, alt etter oppmøte og interesse. Lesesirkelen byrja tilfeldig på min tidlegare arbeidsplass, med at eg og A-K snakka om å lese den same boka, og at våre to mannlege kolleger F og F også slengte seg med. Deretter viste det seg at mi venninne K også las den same boka, og då ho overtok min gamle jobb, vart bokklubben eit faktum.

Så langt har innsatsen vore litt skeiv, og førebuinga til møta noko vekslande. Eg, F og A-K nøydde oss med å lese boka, medan den andre F-en, og seinare også K, gjekk grundigare til verks med både å ta notatar og lese seg opp til møtet.

Vi er no i gang med vår tredje bok. Denne gongen insisterte den kvinnelege fraksjonen i gruppa på ein kvinneleg forfattar, og valet falt på Viriginia Woolf og To the Lighthouse. Neste møte skal haldast før 17. mai, og eg gler meg til å byrje lesinga. Woolf er trass alt ei av dei største forfattarane frå det 20. århundret.

2 kommentarer:

K sa...

Ser at det går litt saktere å lese VW enn IP. I våre foregående debatter har jo mye vært en innholdsdiskusjon, men dette forandrer seg kanskje med "To the Lighthouse" (TLL?).

Tror nok at det blir notater til TLL også. Foreløpig sliter jeg litt med å gripe personene, men det kommer seg nok.

Aina sa...

Eg kan godt tenke meg at det går saktare å lese VW! Det ligg i sakens natur. Eg trur vi må diskutere på eit litt anna plan neste gong, om bruk av litterære verkemiddel vel så mykje som sjølve historia? Blir spennande.