17. april 2007

Ikkje alltid like lett

Den elles så etterrettelege vekeavisa Dag og tid, som eg har abonnert på sidan jul omtrent, har i siste utgåve gjort seg skuldig i grovt misleghald av korrekturlesinga.

Det gjeld den nye animasjonsfilmen til Hayao Miyazaki, han som tidlegare har laga Chihiro og heksene, dersom det seier deg noko. Personleg har eg ikkje særleg interesse for den typen japansk animasjon, men eg las då avisartikkelen likevel, hovudsakleg av to grunnar: Overskrifta Animasjonsmeisteren (ei slik overskrift er for ein animasjonselskar nesten uimotståeleg) og den grove og rimeleg komiske feilstavinga av filmnamnet.

Eg vedgår at den omtalte filmen har eit vanskeleg namn, spesielt for oss nordmenn, og eg forstår vel til dels at ein i farta kan slumpe til å stave det feil, men likevel. Ei viss korrekturlesing må ein kunne vente. Spesielt når filmen ikkje berre blir feilstava med ein feilaktig versjon, men med to feilaktige versjonar av namnet. Det kan her verke som om journalisten har konsentrert seg aller mest om å få namnet på filmskaparen rett, og gløymt å konsentrere seg om filmnamnet, også.

Sjølv trudde eg filmen heitte Min nabo Tororo, noko som forøvrig også er feil. Her skuldar eg på mi venninne M. som første gong introduserte meg for tittelen med denne stavemåten.
Roald Helgheim i Dag og tid har derimot to andre, like feilaktige versjonar, den mest lattervekkande, kanskje Min nabo Toro. Toro, ja. Litt av eit namn på ein nabo. Må vere litt av ein suppegjøk, då, tenker eg. Knegg, knegg. Den tredje gongen tittelen blir nemnt har journalisten funne på ein ny vri. Denne gongen er det Tortoro som er den aktuelle naboen.

Kva filmen eigentleg heiter?

Eit kjapt søk på Oslo kinematografer sine nettsider kan fortelle at den korrekte tittelen er Min nabo Totoro. Totoro, altså. Ikkje verken Toro, Tororo eller Tortoro.

Det skal ikkje vere så lett.

Ingen kommentarer: