Kontoret mitt har vindauge ut mot ei teglsteinsbygning under renovering.
På taket står det til ei kvar tid to eller fleire menn som syslar med hamrar og spikrar, sager eller flammekastarar (slik ser det iallfall ut frå min papirbaserte ståstad).
Stundom har det sett riktig skummelt ut. Spesielt når mennene har mista fotfestet på det skrånande, snødekte taket og glidd nokre meter nedover før dei har henta seg inn.
I dag er det ikkje snø. Men ein annan interessant ting å studere, nemleg den eine arbeidskaren sitt noko atypiske antrekk.
Han: I femtiåra, mørkt hår, hjelm på hovudet, mørk bart, eit bistert oppsyn.
Antrekket: Ein sjokkrosa genser under den mørke jakka.
Når han snur seg: Minni Mus med raud hårsløyfe midt på magen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
Fantastisk antrekk! Jeg prøver å se ham for meg.
Jeg får pomo vibber om kjønnsidentitet: Maskulint yrke med feminine, naivistiske verdier. Kanskje han er en popart kunstner.
Ja, han såg rett og slett svært ... stunning ... ut. Tvilar på at han er popart-kunstnar. Tippar heller på polakk.
Han er altså ufrivillig et "statement" for populærkulturen.
Ja, noko sånt :)
Hehe... veldig bra. Enda bedre enn historieforskere som sitter på lesesalen på arkivet hos oss i turkis t-skjorte med Mikke Mus på.
Men det var jammen ikkje langt unna!
Det einaste eg hugsar frå nattas draum er dette: Mannen på taket var popart-kunstnar!
Legg inn en kommentar